Marie Lovise Widnes (1930-2021)

Publisert av: morhes Publisert: 10. desember 2021
Oppdatert: 10. desember 2021
Lesetid: ca. 1 min

VED VEGS ENDE
Tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes gjekk bort 19. november, 91 år gamal.

Med hennar bortgang har vi mista ei varm, tydeleg stemme. Ho var ei engasjert, frittalande føregangskvinne som våga å stå fremst i rekka i ei tid då kvinnene gjerne heldt seg i bakgrunnen.

Ho var leiar for SV si fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal i tolv år før ho vart valt inn på Stortinget i 1989. Som medlem i sosialkomiteen var ho engasjert i saker som kunne gjere det lettare for kvinner å delta i samfunnslivet på lik linje med menn, som barnehageutbygging, eldreomsorg og funksjonshemma sine rettar i samfunnet. Ho var oppteken av nedrusting, asylpolitikk og menneskerettar i og utanfor landegrensene.

Widnes mottok ei rekke lokale kultur- og medieprisar. Ho var heidersmedlem i Noregs Mållag, og i 2006 fekk ho kongen sin fortenestemedalje i gull.

Ho vil bli hugsa som ein frittalande kristen sosialist, som alltid kjempa dei svakaste si sak. Ein politikar som kunne utfordre på ein liketil måte med glimt i auget og stor hjartevarme.

Ho var eit kvardagsmenneske og tusenkunstnar som spreidde optimisme og framtidstru der ho for fram.

Audun Lysbakken, partileder SV
Birgit Oline Kjerstad, stortingspolitiker SV
(publisert i Klassekampen fredag 10. desember 2021)