– Saka starta med ein interpellasjon frå underteikna, og sjølv om det har teke tid er eg glad resultatet vart så godt, seier Ingrid Opedal etter at vedtaket er fatta.
Den nye oppreisningsordninga skal etter planen kunngjerast i løpet av hausten, og så blir det opna for å søke oppreisning frå 1. november 2015.
– Eg er veldig glad for at vi endeleg har kome så langt at vi har fått til det nødvendige spleiselaget mellom kommunane og fylkeskommunen. Det er viktig å få rydda opp i denne trasige saka, seier Opedal til NRK.
Opedal meiner det har vore urimeleg at Møre og Romsdal ikkje skulle ha ei slik ordning når andre kommunar og fylke allereie har fått dette på plass.
– Ut ifrå den kontakta eg sjølv har hatt med folk som har opplevd overgrep, så har det vore viktig for dei å få ein offentleg unnskyldning for det dei har vore utsett for, seier ho.