Valgprogram 2019 – 2023
Klima, miljø og naturressursar
Olje
Klimaendringane er i gang, og om
vi ikkje gjennomfører tiltak med ein gong, vil dei bli katastrofale. Olje- og
gassindustrien står for omtrent ein fjerdedel av norske klimagassutslepp, og
1,5% av verdas klimagassutslepp. I dag veit vi at vi ikkje kan utvinne meir
olje enn vi allereie har gjort.
Difor må vi sørgje for å gradvis
avvikle oljenæringa, og aktivt krevje at det ikkje vert delt ut nye
oljelisensar i havområda utanfor Møre og Romsdal.
SV vil:
- Verne Mørebankane og dei
andre oljeblokkane nær Smøla
- Styrke oljevernberedskapen og
stille strenge krav til skip som fraktar olje og gass langs kysten for å hindre utslepp
- At fylkeskommunen koordinerer
innsatsen for klimatilpassing og førebygging av
skadar som oppstår på grunn av klimaendringar
- Krevje at regjeringa ikkje
deler ut nye oljelisensar
Naturvern
Naturen vår er verdfull og
uerstatteleg, men for tida vert naturområde øydelagd i eit raskt tempo.
Truslane mot naturen er mange, men den viktigaste årsaka til at natur går tapt,
er at vi øydelegg område der planter og dyr lever. Vi har eit ansvar for å ta
vare på naturen.
SV vil:
- Redusere forbruket av ikkje fornybare naturressursar og energikjelder
- Kartlegge og sikre det biologiske mangfaldet gjennom aktiv areal- og vernepolitikk
- Verne større delar av den urørte naturen
- Stanse nedgangen i sjøfuglbestandane
- Legge til rette for friluftsliv for alle
- Ha streng regulering av motorisert ferdsel i utmark
- Ta vare på artsmangfaldet
Cruiseskip
Klimaendringane er omfattande og
krev difor omfattande tiltak innan fleire område. Dagens cruiseskip, og andre
skip som vert nytta innan turisme, er for skadelege for klimaet til å kunne
fortsette på same måten som før.
SV vil:
- Krevje at alle cruiseskip og turistbåtar som ferdast i norske fjordar skal vere utsleppsfrie innan 2023
- Stille krav til at cruiseskip, kystruteskip og andre skip som vert brukte i turisttrafikken i sårbare område og viktige turistfjordar, ikkje kan operere på tungolje
- Styrke innsatsen for at alle hamner skal tilby landstraum innan 2030
Forbrukarsamfunnet
Klimagassutsleppa i verda er rekordhøge og
held fram å vekse. Vi lever i eit kapitalistisk forbrukarsamfunn der vekst og
økande privatkonsum er eit mål i seg sjølv. Vi har ein reklamebransje som
pressar på for å få eit auka forbruk på trass av at vi veit at forbruket må ned
dersom vi skal unngå klimakatastrofe. Viktige tiltak
for å få til dette, er å redusere matsvinn, plastforbruk og generelt
overforbruk.
SV vil:
- Forby reklame på fylkeskommunale bygningar, område
og transportmiddel
- Avvikle bruk av eingangsplast i fylkeskommunal samanheng
- Ta initiativ til ein fylkeskommunal handlingsplan
mot plastforsøpling
- Ta initiativ til utfasing av gummigranulat på fotballbanar
- Fremje ein handlingsplan
for å redusere matsvinn
- Prioritere klima og miljø høgare enn økonomiske
interesser
Kjøt
Ved
å tilby plantebasert mat ved sida av kjøt/fisk kvar dag, gjer vi det lett for
dei som av etiske, miljømessige, helsemessige eller andre grunnar ikkje ønskjer
å spise kjøt eller andre animalske produkt. Tilbod om heilvegetarisk mat i
kommunal matservering fremjer både helse, miljø og dyrevelferd. Samtidig legg
det til rette for valfridom, appellerer til alle, og ekskluderer ingen.
SV vil:
- Tilby og synliggjere fullverdig
heilvegetarisk mat kvar dag i fylkeskommunen
sine kantiner, på lik line med andre rettar
- At fylkeskommunen skal
løfte frem heilvegetarisk mat éin
dag kvar veke på offentlege
spisestadar/kantiner gjennom styrka tilbod og bruk av informasjonsmateriell
- Setje av
midlar i budsjettet til kursing av dei tilsette i fylkeskommunale kantiner om
korleis ein skal lage næringsrik og
smakfull, plantebasert mat
Generelt
SV vil:
- Investere meir i forsking på fornybar energi
- Krevje at alle fylkeskommunale prosjekt har strenge miljøhensyn
- Avgrense skadelege utslepp
- Gå mot giftdeponi på Raudsand i Nesset
- Stille strenge krav til miljø og etikk i fylkeskommunale innkjøp, anbod og investeringar
- Passe på at fylkeskommunen driv aktivt enøk-arbeid, tek i bruk nye fornybare energikjelder og er eit førebilete for miljø- og klimavennlege bygg
- At fylkeskommunen er pådrivar for styrking av det kommunale miljøarbeidet, og at alle kommunar har tilstrekkeleg miljø- og klimakompetanse
- At fylkeskommunen er pådrivar for styrking av det kommunale miljøarbeidet, og at alle kommunar har tilstrekkeleg miljø- og klimakompetanse
- Styrke Runde miljøsenter, bioenergisenteret på Tingvoll og vindkraftsenteret på Smøla
- Ha klima og miljø som vår hovudprioritet
Næringsliv
Møre og Romsdal er eit fylke med rike
naturressursar og er kjent som ein region med eit innovativt næringsliv med
sterk lokal forankring. SV i Møre og Romsdal ønskjer å vere med å leggje til
rette for at vi framleis skal ha eit variert og allsidig næringsliv med lokal
eigarskap. Skal vi få til det, må det satsast meir på forsking og utvikling.
Forskings- og utviklingsmiljø må gjevast høve til å samarbeide tett med
utøvarane i dei ulike næringane, og det offentlege må prioritere midlar til
utviklingsarbeid for etablerarar og eksisterande bedrifter som er inne i
omstilling.
Levedyktige og varierte arbeidsplassar må
finnast der folk bur. Livskraftige lokalsamfunn vil gje betre utnytting av
naturressursane. Nærheit til ressursane gjev høgare kvalitet, mindre sløsing,
fleire lokale arbeidsplassar og meir demokratisk kontroll. Vi ønskjer ei vidare
satsing på den varierte bruksstrukturen innan landbruk, berekraftig havbruk og
fiskeri, industri og tenesteproduksjon, samt kultur og reiseliv.
Vi må leggje til rette for at
menneske vil bu i regionen og vi må starte allereie i skulen med å gje born
utfordringar og oppgåver som stimulerer til eigenaktivitet, skaparglede og
tilhøyrsle.
Velferda skal tene menneske, ikkje marknadar.
Difor bør fylkeskommunale oppgåver primært skje i eigen regi. Det bør gjerast
eit grundig og systematisk arbeid for å ta tilbake tenester i offentleg regi.
Fylkeskommunen som næringsaktør
SV vil:
- At det blir sett ned ei arbeidsgruppe for å utvikle arbeidsplassar i produksjon av fornybar energi og økologisk berekraftige varer og tenester
- At fylket tek initiativ til, og finansierer, eit sekretariat for ei næringsklynge for miljøteknologi der universitet og høgskular er med, i tillegg til aktuelle bedrifter
- At fylkeskommunen bidreg aktivt til oppretting av fleire etablerarsenter og næringshagar for gründerar
- At utdanning i entreprenørskap vert ein del av tilbodet ved vidaregåande skular
- At det blir sett i verk tiltak som kan hindre undergraving av arbeidstakarrettar og sosial dumping. Eit minimum for å delta i fylkeskommunal byggje- og anleggsverksemd, bør vere at firmaet har fast tilsette, høg del fagarbeidarar og lærlingar i alle ledd
- At det vert stilt tydelege miljøkrav ved fylkeskommunale innkjøp, mellom anna ved innkjøp av transporttenester – ferje, buss og tenestebil mm.
- At privat og offentleg næringsliv og dei vidaregåande skulane samarbeider om rekruttering og etterutdanning
- At vidaregåande utdanningstilbod som støtter opp under lokalt næringsliv vert sikra og vidareutvikla
- At fylkeskommunen legg til rette for bruk av fornybar energi – solceller, jordvarme, fjernvarme – til sine nybygg
- At fylkeskommunen arbeider for at innvandrarane får bruke kompetansen sin til beste for arbeids- og næringslivet i fylket
- At fylkeskommunen arbeider aktivt for at det vert ein lik og lågare arbeidsgjevaravgift i kommunane i fylket
Industri
Møre og Romsdal SV vil arbeide for ein enkel,
ubyråkratisk og effektiv næringspolitikk som er retta mot små og mellomstore
bedrifter. Kraftmarknaden må styrast politisk, og industrien må sikrast nok kraft.
Dei siste åra har fleire av
hjørnesteinsbedriftene i Møre og Romsdal fått nye, dels utanlandske eigarar.
Møre og Romsdal SV vil vere med på å støtte tiltak som kan sikre norsk
eigarskap innan industriproduksjonen. Det kan mellom anna skje ved at det offentlege
stimulerer lokale gründerar i deira arbeid med å utvikle idear basert på lokale
ressursar, natur, kultur og kompetanse.
SV vil:
- At fylkeskommunen er med på å leggje til rette for tverrfaglege møteplassar og utviklingforum for regionale industribedrifter
- At konsesjonslovene blir brukte aktivt for å sikre lokal og nasjonal råderett over energikjelder og naturressursar
- At fylkeskommunen er med på å legge tilhøva til rette for samarbeid mellom lokale bedrifter om ny teknologi, marknadsføring og produktutvikling
- At det blir brukt ein offentleg innkjøps- og anbodspolitikk som søkjer å styrke lokalt næringsliv
- At fylkeskommunen i si rolle som regional næringspolitisk aktør arbeider for å utvikle teknologi som kan utnytte fornybare, berekraftige energikjelder. Verkstadindustrien og elektrobedriftene i fylket vårt bør ha gode føresetnader for å produsere til dømes vindmøller og varmepumpeanlegg
- At råvarene våre får ein så høg foredlingsgrad som mogleg i fylket, for å auke verdiskapinga og sikre arbeidsplassar
- At overordna samfunnsinteresser og miljøomsyn må ligge til grunn for den regionale industripolitikken, ikkje kortsiktige og marknadsstyrte interesser
Landbruk
SV meiner at landbruket framleis skal vere ein
av berebjelkane i norsk økonomi. Landbruket er med på å sikre trygg
matforsyning i landet. Det norske landbruket har dei beste føresetnader for å
utvikle seg på ein berekraftig og miljømessig god måte.
Landbruket i Møre og Romsdal må gjevast
rammevilkår som sikrar at lokale naturressursar vert utnytta og foredla.
Topografien i fylket er varierande. Mange stadar er det ikkje høve til
stordrift på same måten som i flatbygdene austafjells, men med godt samarbeid
mellom offentlege instansar, reiselivet og matindustrien kan ein utvikle eit
berekraftig lokalt landbruk der matproduksjon, opplevingar og identitetsbygging
går hand i hand.
SV
vil:
- At
jordvern i større grad skal leggast vekt på i planprosessar og arealplaner. Det skal ikkje lønne seg å
bygge ned dyrka/dyrkbar jord. SV vil styrke jordvernet
- Sikre
lokal eigarskap til jordressursane, og hindre at landbruksjord blir spekulasjonsobjekt for investorar
utanfor landbruket
- At matproduksjon må prioriterast og
støttesystemet bygge opp under produksjon
i samsvar med dei naturgitte føresetnadene i
fylket
- At
småskala landbruk og kortreist- og økologisk matproduksjon må sikrast gode vilkår og prioriterast
- At dyrehelse og dyretrivsel må ligge til grunn for
infrastrukturen i husdyrhaldet.
- At det typiske vestlandske kulturlandskapet må
takast vare på gjennom naturleg bruk, slått, beiting og vedproduksjon. Det må
settast av større midlar over
jordbruksoppgjeret slik at bøndene kan utføre dette viktige arbeidet for åskape berekraftige og trivelege bygder.
Dette vil også gi arbeidsplassar direkte, men også indirekte når det gjeld
reiseliv og turisme
- Styrke NORSØK og Tingvoll gard
som senter for forsking og kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk
- Sikre landbruksutdanninga
på Gjermundnes og styrke utdanninga sin kontakt
mot tilgrensande næringar med tanke på framtidig lokal verdiskaping i
landbruket. Anlegget ved Gjermundnes må oppdaterast. m.a. ved omlegging frå
båsfjøs til lausdriftsfjøs
- Ha meir midlar
til landbruksrelatert forsking, slik at ein kan støtte opp under landbruksproduksjon som er
berekraftig og tilpassa driftsvilkåra
i Møre og Romsdal.
- At det vert satsa på
økoturisme knytt til gardsbruk og kystnære område
Fiskeri – havbruk
Møre og Romsdal er eit av dei største
fiskerifylka i landet og her er både store trålarreiarlag som opererer på
verdshava, og frittståande småbåtfiskarar som har virkeområdet sitt i nærare
kystfarvatn. Det er plass til begge kategoriar fiskarar, det grunnleggande er
at fangsten skjer på ein berekraftig måte slik at fiskeressursane også kan kome
framtidige generasjonar til gode. Viktig er
det også at fiskeressursane skaper ringverknader gjennom
foredlingsanlegg på land. For å sikre framtidig rekruttering til fiskaryrket må
forholda leggast til rette slik at det vert skapt trygge, lønsame og moderne
arbeidsplassar som gjev konkurransedyktig løn. For å behalde lokal eigarskap
til fiskekvotane, er det avgjerande at dei ikkje vert monopoliserte av få eigarar,
men at konsesjonar også kan vere tilgjengelege for nye aktørar som vil inn i næringa.
SV vil:
- Ha grunnlovsfesta at viltlevande
ressursar i sjøen tilhøyrer folket, og skal
komme lokalsamfunna langs kysten til gode
- Ha ein
variert flåtestruktur, og sikre kystflåten godt driftsgrunnlag. Det
må
kome eit utviklingsprogram for kystfiskeflåten
- Stimulere til auka rekruttering
innan fiske og havbruk, m.a. med eigne kvotar
for ungdom som vil etablere seg i fiskerinæringa, og gunstige lån og
tilskot gjennom Innovasjon Norge
- At all fisk og restråstoff skal
bringast til land og utnyttast. Avfall skal bli til ressurs, biogass bl.a.
- At det
vert stimulert til utvikling av lokalt forankra arbeidsplassar innan havbruksnæringane
- At det
vert lagt til rette for utvikling av lukka oppdrettsanlegg, for etter kvart åfjerne dei skadane oppdrettsnæringa fører
til for dei ville fiskestammane og naturmiljøet
- At det ved
tildeling av oppdrettskonsesjonar vert knytt bindande krav om vidareforedling av råvarene
- At
oppdrettslova og konsesjonslova blir brukte aktivt for å sikre lokal råderett over havbruket, og at det blir innført
lokal ressursskatt på havbruk
- Halde fram med
verneordninga for nasjonale laksefjordar og laksevassdrag
- At Møre og
Romsdal får behalde utdanningsinstitusjonane som gjev kompetente utøvarar av fiskaryrket på alle nivå
- Styrke Runde miljøsenter som
senter for forsking og kunnskapsformidling knytt til livet i havet og langs kysten
- Legge
til rette for nye næringar frå havet, til dømes taredyrking
- Det
skal stillast krav om nullutslepp på nye havbrukskonsesjonar
Reiseliv
Vakkert kulturlandskap, urørt
natur og reint miljø er nokre av Møre og Romsdal sine store fortrinn i
reiselivssamanheng. Dette må vi arbeide aktivt for å ta vare på, no som fleire
reiser for å oppleve
fylket vårt, og presset på naturen aukar på
ulike måtar. At vi legg opp til berekraftig bruk av naturen, er avgjerande for
ein positiv vekst i reiselivsnæringa på lang sikt. Vi vil at aktiviteten i
reiselivet skal skje på naturen sine premissar, slik at den vakre naturen også
skal kunne nytast av framtidige generasjonar. Det må være ein god samanheng
mellom naturvern, bruk av naturen og utvikling av reiselivet.
SV vil:
- At Møre og
Romsdal går føre i satsinga på berekraftig naturbasert reiseliv, tufta på
lokale aktørar, og produkt i heile fylket
- At utviklinga i reiselivet skal være langsiktig og planmessig
- Ha
nullutslepp i reiselivet, med særleg vekt på verdsarvfjorden Geirangerfjorden, og at fylkeskommunen skal vere ein motor i omstillinga
- At det vert innført eit turistfiskekort for sjøfiske
- At økoturisme knytta til
landbruk og kystopplevingar, vert eit satsingsområde ifylket
- At fylket
bidreg til gode vilkår for reiselivs- og sørvisnæringa, med satsing på museum,
konsert- og festivalopplevingar, og dei etablerte attraksjonane
- Ha vern om allemannsretten. Naturressursane høyrer
til fellesskapet
- Ikkje legge til rette for motorisert ferdsel i
naturen i turistsamanheng
- Sørge for 5G, søppelhandtering, offentlege toalett,
og sørvisbygg der det trengst
- Sørge for at digitale løysingar for
bestilling og billettkjøp for kollektiv reising for turistar er brukarvennlege
- At det vert lagt til rette for
sykkelfrakt i fylkeskommunen sine kollektive rutetilbod, der det ikkje er
framkomeleg for sykkel
- Prioritere forsking på berekraft knytt til
naturressursar som er eksponerte for turisme
Arbeidsliv
SV vil:
- Innføre
strenge seriøsitetskrav ved anbod, blant anna for å hindre sosial dumping ved
offentlege innkjøp, etter inspirasjon av Oslomodellen
- Sikre lovfesta og reell rett til heiltid, og friheit gjennom
turnusordningar som gjer det mogeleg å kombinere familieliv og
heiltidsarbeid. Det offentlege skal fremje heiltidskultur som arbeidsgjevar
- Styrke
retten til fast stilling. Fast tilknytning til arbeidslivet påverkar indirekte
sjansane kvinner har til å oppnå ansiennitet og leiarstillingar, sidan
graviditet og fødsel gjer at kvinner har større behov for å ha ei fast tilknytning til arbeidet
- Leggje til rette for integrering, inkludering og
likestilling i arbeidslivet
Integrering
SV vil:
- Leggje til rette slik at funksjonshemma skal kunne delta aktivt i skule og arbeidsliv
- Styrke språkopplæringa til asylsøkarar, flyktningar og innvandrarar elles med dei verkemiddel som høver
- Stå opp mot rasehets og framandfrykt
- Leggje til rette for arbeid for innvandrarar, gjerne med mentorordning
Kultur og
kulturminnevern
Kultur gjer samfunnet rikare, og
eit allsidig kulturliv er med å gjere Møre og Romsdal til eit attraktivt fylke
å bu i. SV ønskjer eit rikt og tilgjengeleg kulturliv. Det kulturelle tilbodet
skal spegle tradisjon og historie i regionen, samtidig som det opnar for nye og
framande impulsar.
Menneske i alle delar av fylket skal ha
tilgang på gode kulturopplevingar, og få høve til å ta del i kulturelle
aktivitetar. Kombinasjonen profesjonelle kulturutøvarar og ivrige
amatørutøvarar, legg grunnlag for skaparglede og bulyst. Kulturen er limet i mange
lokalsamfunn, og ved å leggje til rette for kulturaktivitetar, er fylket med på
å byggje opp under den norske dugnadstradisjonen som er så viktig for lokal
trivsel og tilhøyrsle. Kulturaktivitetar er også med på å skape lokale
arbeidsplassar.
Mange unge har foreldre med dårlig råd, og
deltek lite på fritidsaktivitetar. Aktivitetskort, lån av fritidsutstyr på
bibliotek, eller frivillegsentralar og samarbeid med idrettslag og foreiningar,
kan sikre at fleire får ta del i aktivitetar. Foreldra sin økonomi og
bustadadresse skal ikkje vere til hinder for at born og unge får delta saman
med andre i kulturelle aktivitetar, og utvikle sitt talent og sine interesser.
Kulturinstitusjonar må haldast offentlege for å halde på breidde og tilgjenge,
og pris skal ikkje stå i vegen for at kulturtilbod skal kunna nyttast av alle.
Bibliotek, museum, musikk, idrett og andre kulturtiltak på regionalt plan må få
støtte, slik at tilboda kan nå innbyggjarane i heile regionen.
SV vil:
- At Møre og Romsdal fylkeskommune skal profilere seg som ein nyskapande kulturregion i landet
- At løyvingane til kulturføremål skal aukast til minst gjennomsnittet av andre fylkeskommunar
- At kulturinstitusjonane i fylket gjev rom for avvikande røyster. Eit levande demokrati treng utfordrande posisjonar, ulike perspektiv og levande kritikk av etablererte sanningar, og av makta
- Arbeide for å realisere nytt operabygg/museumsbygg i Kristiansund, eit prosjekt som vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av ein sterk nordmørsregion
- Styrke innkjøpsbudsjettet til kunstmuseet Kube, blant anna for innkjøp av samtidskunst frå Møre og Romsdal, og å få fleire ambulerande utstillingar i fylket
- At fylket er med på å legge til rette for, og finansiere, atelier for kunstnarar i dei tre byane i fylket
- Ha offentleg merksemd og vern av jugendstilbyen Ålesund – tilrettelegging for UNESCO-søknad i samarbeid med Ålesund kommune
- At fylket skal styrke ordninga med kunstnarstipend for forfattarar og andre aktuelle grupper. Dette vil bidra til auka litterær produksjon, og kunstproduksjon i fylket
Formidling og
kulturarv
SV
vil:
- Støtte kommunane i å utvikle kulturskulane
- At Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med eigne midlar for å styrke formidlingstilbodet gjennom den kulturelle skulesekken (DKS), og å sikre at alle uttrykk blir formidla i same omfang
- Sikre at alle skuleelevar i fylket får besøk av ei DKS-formidling kvart år.
- At kulturelle opplevingar skal vere tilgjengelege der folk bur. SV vil sikre finansieringa av bokbåten Epos
- At løyvingane til musea blir styrka slik at dei kan fylle oppgåva si innan kulturformidling og kulturminnevern også i dei kommunane som ikkje har museum innanfor dei offentlege tilskotsordningane
- Halde oppe biblioteka som viktige møteplassar og formidlingsarenaer i lokalsamfunna. Styrke biblioteka sitt samarbeid med universitets- og høgskulebibliotek slik at det vert lettare å ta utdanning i distrikta. Sikre at bibliotektenestene framleis skal vere gratis
- At dei rike folkemusikktradisjonane i fylket vert tekne vare på gjennom aktiv innsamling og formidling.
Kultur og næring
SV vil:
- Styrke
arbeidet for vidareutvikling av verdsarven
i Geirangerfjorden og Norsk Fjordsenter
- Støtte kulturelle møteplassar som festspel og festivalar i alle delar
av fylket
- At Møre og Romsdal skal bli eit føregangsfylke innan kulturbaserte næringar
- Støtte arbeidet Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda
gjer, og arbeide for åutvikle tilsvarande
aktivitet i heile fylket
- Halde fram med det gode filmsamarbeidet på Vestlandet
gjennom deltaking i Vestnorsk filmsenter
- Tilby stipend til unge kunstnarar som vil etablere seg i fylket
- Bruke lokale kunstnarar i samband med fylkeskommunale utsmykkingsoppdrag og
arrangement
Kultur og deltaking
SV
vil:
- Ungdomens kulturmønstring må bli ført vidare med minst same omfang som no
- Halde fram
med kulturkort for ungdom, og heve aldersgrensa for kulturrabatt slik at og studentar kan gjere seg nytte av dette tilbodet
- Arbeide for at heile
musikklivet har tilgang til gode, tilpassa lokale til øving og konsertar.
- At det
frodige amatørkulturlivet i fylket blir verdsett og støtta, m.a. gjennom
tilskot, administrativ hjelp, nettverksbygging og opplæring
- Sikre forsvarlege rammevilkår, og tilrettelegging
for det frivillige arbeidet
- Prioritere
breiddeidrett, nærmiljøanlegg og legge til rette for friluftsliv for alle
- At det
blir lagt til rette for at menneske med funksjonshemmingar kan delta i eit variert kulturtilbod
- At
kulturlivet vert nytta aktivt for å fremje toleranse og aksept for ulikskapar, og at det vert lagt til rette for
møteplassar for menneske frå ulike kulturar
- Stimulere til samarbeid med kulturutdanningane ved Høgskulen i Volda,
slik at dei kan spele ei enda meir aktiv rolle for kulturlivet i heile fylket,
og sikre vidare drift av Seanse
- Å sikre
nynorsk som administrasjonsmål, vere pådrivar for gode tilbod til nynorskelevar i skulen, og gode
kulturtilbod på nynorsk for alle
Samferdsel
SV vil arbeide for at fleire vel miljøvennleg
transport. For SV er samferdsel i kvardagen viktigast. Vi vil at fleire skal
velje å gå, sykle eller reise kollektivt, framfor å bruke bil. Det betyr fleire
gang- og sykkelvegar, forbetra kollektivtilbod, utsleppsfrie ferjer og god
arealplanlegging. Dei som treng å bruke bil skal ha gode, trygge og rassikre
vegar. Vi vil prioritere vedlikehald og opprusting av dagens dårlege vegnett,
framfor store fjordkryssingar. Det inneber å seie nei til Møreaksen. SV vil også
arbeide for at godstransporten skal vere mest mogeleg miljøvennleg. Vi vil
difor arbeide for at det blir lyntog til Møre og Romsdal, og at meir gods vert
frakta med skip.
Kollektivtransport
Dersom fleire enn i dag vel å bruke
kollektivtransport, vil det føre til både mindre utslepp av klimagassar, og
frigjere plass i dei store byane. Eit godt kollektivtilbod er kjenneteikna av
hyppige avgangar, rimeleg pris og dekkande rutenett. I byane må bussane
prioriterast framfor bilen. Fylkeskommunen si oppgave er å drifte
kollektivtilbodet. Det må prioriterast i budsjetta.
SV vil:
- Ha eit bedre kollektivtilbod i heile fylket
- Vidareutvikle timeekspresstilbodet
- Minst halvere prisen på ungdomskort/FRAM ung
Vegar
Befolkninga i Møre og Romsdal bur spreidt. Vi
har mange små bygder og fleire større byar. Vegnettet er viktig for å binde
befolkninga saman. SV vil at vegane i fylket skal vere gode og trygge for alle
som nyttar dei. Etter at fylkeskommunen tok over ansvaret for store delar av
vegnettet i fylket, har etterslepet auka. Det er difor nødvendig å prioritere
utbetring og vedlikehald av dagens vegar framfor dyre fjordkryssingsprosjekt.
SV vil:
- Prioritere utbetring og vedlikehald av dagens vegnett
- Arbeide for sikring av rasfarlege vegar, bruer og tunnelar
Bypakker
Eit viktig verkemiddel for å gjere byane meir
miljøvennlege er bypakker. Siktemålet med bypakker er å skape heilskapelege
løysingar for bil, kollektivtransport, gang og sykkelvegar. Målet er å gjere
transporten meir miljøvennleg. Vi vil arbeide for at viktige prosjekt i
bypakkene kjem med på Nasjonal Transportplan. Det er avgjerande at også dei
mellomstore byane får sjans til å inngå byvekstavtalar. Gjennom byvekstavtalar
vil det statlige bidraget vere større, og ein kan utforme eit heilskapeleg,
miljøvennleg transportsystem.
SV vil:
- At
bypakkene i Ålesund, Molde og Kristiansund blir hovudverkemiddelet til å få fleire til å velje gang, sykkel og kollektivtransport.
Tog
SV vil ha lyntog til Møre og Romsdal. Lyntog
er miljøvennleg, og vil vere eit viktig bidrag til å få ned flytrafikken.
Lyntog vil gjere det enkelt å reise på heile strekninga Ålesund/Molde til
Trondheim og Oslo. Det vil utvikle fylket langs heile traséen.
Samtidig vil vegane bli tryggare i
og med at mykje av godstrafikken kan flyttast frå veg til tog.
SV vil:
- At det vert arbeidd vidare med å få lyntog til Møre og Romsdal
- At fylkeskommunen skal vere hovudpådrivar for arbeidet med å få lyntog til Møre og Romsdal
- Styrke Raumabanen som miljøvennleg og funksjonell person- og godstransportør, utan å øydelegge “verdas vakraste togreise”. Samt kjempe for at Raumabanen blir ein del av Hydrogenpilot-prosjektet
Ferjer
Møre og Romsdal er eit fylke med mange
fjordar. Ferjene er ein naturleg del av vegsystemet. I framtida vil ferjene
vere utsleppsfrie. SV vil at Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke når
det gjeld miljøvennlege ferjer. Dersom folk skal bu og busetje seg i heile
fylket, må ferjetilbodet vere så godt at folk enkelt kan ferdast. Vi må difor ha tilstrekkeleg med avgangar og rimelege
prisar.
SV vil:
- At det skal leggast om til miljøvennlege ferjer i eit raskare tempo
- At antall ferjeavgangar skal avspegle befolkninga sitt behov for reiser
- Arbeide for fleire avgangar både på riks- og fylkesvegane
- At kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim skal styrkast
Gang- og sykkelvegar
Dersom fleire skal gå
og sykle, må det vere trygt. SV vil arbeide for fleire gang- og sykkelvegar,
samt eigne sykkelvegar der det er nødvendig. Mange av bilreisene, spesielt i
byane, er i dag så korte at dei kan erstattast med gange eller sykkel dersom
tilhøva ligg til rette for det.
SV vil:
- At det vert bygd eigne sykkelvegar der det er føremålstenleg
- At det vert laga ein sykkelstrategi for turistvegane
- Satse på gang- og sykkelvegar, då det er mykje god folkehelse i dette
Utdanning og
opplæring
Eit samfunn med små forskjellar er eit godt
samfunn for alle. Lik rett til utdanning er ein føresetnad for å nå dette
målet. I dag er fråfallet i vidaregåande utdanning for høgt, og SV vil arbeide
for at fleire gjennomfører. SV vil ha ekstra fokus på rekruttering til
yrkesfag, og arbeide for at fleire fullfører fagopplæring. Lærarane treng meir
tid og meir tillit. SV vil redusere unødig testing og rapportering, og la
lærarane bruke tida til undervisning. Vi vil også sikre retten til etter- og
vidareutdanning.
Ein skule for alle
Fullført vidaregåande opplæring er eit viktig
grunnlag for deltaking i samfunnet og arbeidslivet. Arbeidet med å få fleire
til å fullføre, krev langsiktig og målretta arbeid og heng særleg saman med
tett oppfølging av kvar elev gjennom heile utdanningsløpet.
SV vil:
- Auke gjennomføringa gjennom tidleg innsats, god rådgjeving og tett oppfølgjing, samt tiltak for å auke lærartettleiken
- Prioritere fellesskulen og eit likeverdig skuletilbod til alle
- Gå imot nye søknader om privatskular. Desse trugar ikkje berre små skular i distriktet, men undergrev også dei mindre og dyre opplæringstilboda generelt
- Styrkje skulehelsetenesta, rådgjevingstenesta og PP-tenesta for å hjelpe elevar som slit
- Styrkje samarbeidet mellom skulane, oppfølgingstenesta og alternative opplæringstilbod
- Sjå til at fylkeskommunen oppfyller elevane sine lovfesta rettar til timetal ifaga
- Arbeide for at Opplæringslova sin paragraf 9A- “mobbeparagrafen”- blir praktisert på ein forsvarleg måte
- Arbeide mot trakassering på grunn av seksuell orientering og kjønns-uttrykk, t.d. gjennom ein tiltaksplan mot diskriminering/ for betre inkludering av LHBT- personar innanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde
- Stimulere elevar til å velje meir utradisjonelle utdanningsvegar i høve til kjønn enn i dag
- Gje elevane høve til deltaking og medverknad, t.d. gjennom elevråd, deltaking i Utdanningsutval, Ungdomspanel og Ungdommens fylkesting
- Stimulere til samfunnsengasjement ved utvida forsøk med røysterett for 16-åringar ved val til fylkesting og kommunestyre
- Arbeide aktivt for integrering av ungdom med minoritetsbakgrunn i ein mangfaldig fellesskule basert på grunnleggande verdiar som demokrati og likeverd
- Legge til rette for at fleire yrkesgrupper kjem inn i vidaregåande skular, som miljøterapeutar og barne – og ungdomsarbeidarar
- Vidareføre tilbodet om gratis karriererettleiing
Skule- og
tilbodsstruktur
Ein desentralisert skulestruktur
der elevane kan bu heime lengst mogeleg, gjer det lettare for fleire å fullføre
utdanninga si.
SV vil:
- Arbeide for å bevare ein desentralisert skule- og tilbodsstruktur slik at flest mogeleg kan gå på vidaregåande skule utan å måtte flytte heimanfrå
- Prioritere ein tilbodsstruktur som støttar opp om lokalt næringsliv
- Samarbeide med lokale bedrifter om læreplassar slik at elevar slepp å flytte for å fullføre utdanninga si
- La elevar med vaksenrett telje med i dimensjoneringa av tilbod i vidaregåande opplæring
- Halde oppe tilboda innanfor estetiske fag på minst same nivå som i dag
- Arbeide for elevkantiner med sunn og god mat ved alle dei vidaregåande skulane, der minst 15 % av maten er økologisk
- Ha auka ungdomsfagleg vektlegging i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Yrkesopplæring
og fagskuleutdanning
Statusen til yrkesfaga må aukast gjennom
målretta tiltak. Det er færre som fullfører på dei yrkesfaglege
utdanningsprogramma, og dette krev særskilte tiltak. Møre og Romsdal har ein
næringsstruktur som er avhengig av at ein stor del av elevane vel yrkesfaglege
utdanningsprogram.
SV vil:
- Arbeide systematisk for å heve statusen til fagutdanninga
- Støtte opp arbeid med å utvikle meir varierte læringsformer, og gjere teorifaga i yrkesopplæringa meir yrkesretta og betre tilpassa elevane si yrkesopplæring
- Gjere det lettare å veksle mellom teori og praksis gjennom heile opplæringa, som t.d. praksisbrevordninga
- Ha betre tilgang på gode og varierte læreplassar til rett tid
- At fylkeskommunen går føre når det gjeld tilbod om læreplassar, og stiller krav om at private bedrifter som vil ha offentlege kontraktar, må stille som opplæringsbedrift
- At inntil retten til læreplass er lovfesta, skal alle elevar som står utan plass ha rett til eit toårig, praksisbasert, opplæringsløp på skulen
- Satse på fagskuleutdanninga ved å styrke finansieringa og auke talet på studieplassar ved fagskulane i Ålesund og Kristiansund. Oppretting av nye studieplassar må skje i tett dialog med partane i arbeidslivet for å sikre samsvar med næringslivet sine behov
- Arbeide for meir midlar til utstyr både på yrkesfag og fagskular
- Få slutt på praksisen med å slå saman klassar i fellesfaga på yrkesfaglege program
- At privat og offentlig næringsliv, og dei vidaregåande skulane samarbeider tettare om rekruttering og etterutdanning
Økonomi
Møre og Romsdal fylkeskommune
bruker mindre av sine netto driftsutgifter på utdanning enn landssnittet –
omlag 46 prosent mot eit snitt på vel 52 prosent, i følgje økonomiplan 2018-21.
SV vil:
- Arbeide for å auke driftsrammene til dei vidaregåande skulane og fagskulane
- La dei vidaregåande skulane i fylket få behalde sine overskot
- Arbeide for at innføringa av nye læreplanar vert følgt opp av tilstrekkelege ressursar
- Verne om gratisprinsippet, og sikre gratis læremiddel i vidaregåande opplæring
- Halde fram med å bygge nye og ruste opp eldre skulebygg i tråd med krav om kvalitet, miljø og tilgjenge for alle
Høgare
utdanning
SV vil:
- Støtte opp om etableringa av Campus Kristiansund
- Støtte arbeidet med å vidareutvikle høgskulane i fylket
- Arbeide for oppretting av eit høgskuletilbod i fritidspedagogikk for å auke kompetansen hjå tilsette som jobbar med ungdom, og at det vert utvikla eit kvalifikasjonsrammeverk for denne gruppa
Helse og levekår
Gode levekår vert sikra best i fellesskap.
Store sosiale og økonomiske skilnader er negativt for folks helse. Ei god
helseteneste skal ikkje vere avhengig av personleg økonomi. Sterke
fellesløysingar gir den enkelte fridom og tryggleik. Vi får betre offentlege
tenester når vi lyttar til dei tilsette, styrkjer dei tilsette sin kompetanse,
og gjev dei tillit til å utøve faget sitt. Ei god grunnbemanning tryggjer både
pasientar og dei tilsette si helse. God førebygging gjev gode liv.
Førebyggjande helsearbeid legg grunnlaget for ei frisk og sunn befolkning.
SV vil:
- Ha ein desentralisert struktur på helsetenester. Tenester skal vere nær der folk bur, og tilpassa folk sitt behov
- Velferd utan profitt. Offentlege midlar skal gå til gode tenester til innbyggjarane, og ikkje til privat utbytte. Vi seier nei til privatisering og konkurranseutsetting, og ja til gode og trygge arbeidsforhold
- Tillit til dei tilsette. Tilsette skal ikkje overstyrast av rapportering og målstyring, men få meir fagleg fridom, og tillit til å utføre arbeidet til beste for fellesskapet
- Styrkje det førebyggjande helsearbeidet
Folkehelse
Folkehelse handlar om folk sin kvardag. Gode
nærmiljø, universell utforming, og god samfunnsplanlegging er viktige stikkord
for folkehelsa. Førebygging, informasjonsarbeid og tilrettelegging for
aktivitet, meistring og inkludering er ei god investering i folkehelsa. SV vil arbeide for å at folkehelsearbeidet i fylkeskommunen får
høgare prioritet.
SV vil:
- Arbeide for å redusere ulikskap i folkehelsa gjennom å sikre gode offentlege helsetenester, og god vidaregåande utdanning som gir folk like moglegheiter til å delta i arbeidslivet
- Tilretteleggje for auka bruk av uteområde og friluftsområde
- At folk lettare skal kunne velje miljøvenleg transport, og at fleire kan gå og sykle i kvardagen
- Arbeide for trygge skulevegar, rassikring, trafikksikring og fleire gang- og sykkelvegar
- At Møre og Romsdal må halde fram som føregangsfylke for universell utforming, og prinsippet om universell utforming må liggje til grunn ved alle fylkeskommunale nybygg og renoveringar
- At det blir stilt krav ved konsesjonar på buss-og båtruter om universell utforma tilkomst, og at haldeplassar, venterom og rutebilstasjonar må utformast slik at dei høver for alle. Det må også lagast tiltaksplanar for å rette opp manglar som eksisterer i dag
- Systematisk innsats for å bekjempe vald i nære relasjonar. Politi og helsevesen må ha god kompetanse på overgrep. Krisesenter, støttesenter mot incest og seksuelle overgrep og valdtektsmottak må sikrast gode rammevilkår
- Auke kunnskapen om førebyggande folkehelse, for å bida til å redusere utviklinga av sjukdom, livsstilsplager og psykisk uhelse
- At førebygging og folkehelsetenking må inn i all samfunnsplanlegging.
- Styrke og utvikle lågterskel, helsefremjande og førebyggjande helsetilbod i fylket
Oppvekstvilkår – barn og unges
fysiske og psykiske helse
Oppvekstvilkår heng tett saman med seinare helseutvikling.
SV vil styrkje arbeidet med førebygging og tidleg innsats blant barn og unge. Elevar i den vidaregåande skulen
slit i aukande grad med psykiske vanskar som angst og depresjon. Kroppspress
kan føre til eteforstyrringar og dårleg sjølvbilete. Her har skulehelsetenesta
ei nøkkelrolle for å førebyggje, og fange opp dei som treng hjelp.
Fylkeskommunen må også styrkje
innsatsen for å hindre fråfallet i den vidaregåande skulen, slik at unge får
fullført utdanninga si.
SV vil:
- Behalde ein desentralisert skulestruktur slik at flest mogleg kan bu heime medan dei tek vidaregåande utdanning
- At vidaregåande skular tek eit aktivt ansvar for hybelbuande elevar isamarbeid med foreldre og kommunar
- Tilby sunn og god mat og drikke i kantinene til vidaregåande skular i fylket
- Sikre barn og unges deltaking og rett til å bli høyrde
- Auke kunnskapen hjå elevar og lærarar i den vidaregåande skulen på feltet psykisk helse og psykiske helseplager, og styrkje innsatsen mot mobbing
- Sikre ei god skulehelseteneste på dei vidaregåande skulane, med godt samarbeid opp mot spesialisthelsetenestene innanfor psykisk helse
- Styrkje PP-tenesta for elevar i vidaregåande opplæring
- Sikre dei vidaregåande skulane som reklamefrie område. Ungdom må sleppe kjøpe- og kroppspress frå reklame i skuletida
- Motverke bruk av alkohol og narkotika i ungdomsmiljø
- Sikre at det blir gjeve god seksual- og prevensjonsrettleiing til ungdom under 25 år
- Betre samhandlinga mellom barnevernet og vidaregåande skule for å betre tilbodet til barn i barnevernsinstitusjon
- Leggje betre til rette for fysisk aktivitet i vidaregåande skule med minstekrav til tid. Vi må leggje til rette for at ungdom kan etablere ein sunn livsstil, og unngå livsstilssjukdomar
Tannhelse
Tennene er ein del av kroppen. SV
vil at tannhelse skal inn i den offentlege helsetenesta, slik at vi kan unngå
sosial ulikskap i tannhelse. I fylket er det ei viktig å sikre rekruttering av
tannlegar til tannklinikkane i heile fylket.
SV vil:
- Oppretthalde eit godt, offentleg tannhelsetilbod i heile fylket, som særleg sikrar at born og unge, eldre og funksjonshemma får det offentlege tannhelsetilbodet dei har krav på etter lova
- Arbeide for gratis tannhelsebehandling fram til fylte 20 år
- Sikre gode arbeidsforhold for dei tilsette i tannhelsetenesta
Barnevern og
familievern
Ein god barndom varer heile livet. Alle barn treng gode og stabile
oppvekstvilkår med trygge omsorgspersonar rundt seg. Innsatsen ein gjer med
førebygging og tidleg innsats, har avgjerande betydning langt inn i
vaksenlivet. I regionreforma er det tenkt at ein større del av ansvaret for
barne- og familievern skal flyttast ut frå bufetat og over på fylkeskommunen.
SV vil:
- At barnevernstenester blir drive utan profitt. Offentlege midlar til barnevern må kome barna og dei tilsette til gode, og ikkje forsvinne i utbytte til nokre få
- Setje barnets beste i fokus. Avgjersler må skje ut i frå faglege vurderingar, ikkje økonomi. SV vil ha skreddarsaum heller enn pakkeforløp. Kvart barn er unikt med si eiga historie, og skal behandlast individuelt. Pakkeforløp tek også bort det faglege handlingsrommet til dei tilsette
- Ha tilgjengelege og likeverdige barne- og familievernstenester i heile fylket
- Styrke ettervernet i barnevernet. Barn blir ikkje brått vaksne når dei fyller 18 år. Det trengst gode overgangar og støtte også etter fylte 18 år
- Familievernkontora sitt arbeid med førebygging, informasjon, rettleiing og undervisning retta mot hjelpeapparat og publikum må styrkjast
- Familievernkontora sitt arbeid retta direkte mot familiar i kriser og vanskelege livssituasjonar må ha gode rammevilkår. Terskelen for å oppsøkje familievernkontoret må vere låg, og par- og familieterapi må vere tilgjengeleg for foreldre som treng det. Dette er god førebygging for folkehelsa i eit livsløpsperspektiv
- Ha gode tilbod til rus-, valds-, incestutsette barn og unge, og til barn som pårørande
Sjukehus og spesialisthelsetenester i
fylket
Staten har ansvaret for sjukehusa,
gjennom føretaksmodellen, og for barnevern og rusomsorga. Fylkeskommunen må
likevel vere ein pådrivar for eit godt og likeverdig helsetilbod til
innbyggjarane, med ei god funksjonsdeling mellom dei ulike institusjonane. SV arbeider for avvikling av føretaksmodellen slik at vi får
sjukehusa attende til demokratisk kontroll.
SV
vil:
- Ha ei sterk offentleg helseteneste som er tilgjengeleg for alle, uavhengig av bustad og økonomi. Vi vil sjå til at sjukehusa i fylket har god funksjonsdeling, godt medisinsk utstyr og god beredskap
- Arbeide for å avvikle stykkprisfinansiering av pasientar, og ha ein finansieringsmodell for sjukehus som gjer sunn økonomi i helseføretaket mogleg. Store sjukehusinvesteringar skal ikkje gå på bekostning av den daglege drifta
- Ha ein tillitsreform. Ved å vise tillit til dei tilsette, får dei meir fagleg fridom og tillit til å utføre arbeidet til beste for pasientane, utan å bli overstyrt av rapportering og målstyring
- At utdannings- og vidareutdanningstilboda innan helsesektoren må vere gode og tilgjengelege i fylket vårt, og at ein må styrke forsking og utvikling gjennom samarbeid mellom regionssjukehus, lokale sjukehus, kompetansesenter, NTNU, lokale høgskular og andre viktige aktørar
- Minimere bruken av anbod og kjøp av tenester frå kommersielle helsebedrifter, og hindre at mindre “lønsame” sjukdomsgrupper blir underprioriterte
- Ha trygge, heilårsopne og tilgjengelege fødetilbod i
heile fylket, i både Molde, Kristiansund, så vel som i Volda og Ålesund
- At
fylket har gode behandlingstilbod innan rusomsorg og psykiatri, med god oppfølging av barn som pårørande
- At fylket har gode tilbod innanfor habilitering og rehabilitering
- Arbeide for eit regionalt kompetansesenter for
førebyggjande og helsefremjande arbeid innan Helseregion Midt-Noreg i Møre og Romsdal
- sørgje for god brukarmedverknad, og at pasientane får
tilgang på gode kulturtilbod medan
dei er innlagt ved sjukehus og institusjonar