Våre hovudsaker

Fordeling og miljø legg grunnlaget for heile vår politikk, både lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt. I denne fylkesvalperioden vil vi særleg vektleggje følgjande hovudsaker:

GRØN SAMFERDSEL

Vi vil prioritere trygge kvardagsvegar, hyppige ferjer og betre kollektivtilbod i staden for dyre og miljøfiendtlege motorvegprosjekt som Møreaksen og ferjefri E39.

DESENTRALISERT UTDANNING – TRYGT ARBEIDSLIV

Vi vil halde oppe ein desentralisert vidaregåande skulestruktur, styrkje mobbeombodet og gi rimelege kulturtilbod til ungdom. Vi vil auke innsatsen for eit anstendig og seriøst arbeidsliv.

TANNHELSEREFORM

Tennene er ein del av kroppen. Vi vil utvide det offentlege tannhelsetilbodet til fleire grupper. Målet er at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen.

NATUR, MILJØ OG NÆRING

Vi vil verne om Mørebankane, sikre natur og dyrkajord mot nedbygging og bevare eit aktivt landbruk. Vi vil etterspørje grøne, sirkulære løysingar og vere pådrivar for at det grøne skiftet blir eit konkurransefortrinn for næringslivet i fylket.

Saman byggjer vi eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få!

Topp 5 på fylkestingslista: Håvard Brændeland (5), Yvonne Wold (2), Marit Aklestad (1), Anders Lindbeck (3), Line Karlsvik (4)

Topp 5 på fylkestingslista, frå venstre; Håvard Brændeland (5), Yvonne Wold (2), Marit Aklestad (1), Anders Lindbeck (3), Line Karlsvik (4)