Nominasjonskomiteen vår legg med dette fram sitt forslag til stortingsvalliste for Møre og Romsdal SV!
I mandatet nominasjonskomiteen fekk av fylkeslaget står det at komiteen skal legge vekt på god kjønnsbalanse og god geografisk fordeling, og at listeforslaget i størst mogleg grad skal spegle breidda og mangfaldet blant innbyggarane i fylket. Leiar av nominasjonskomiteen, Oddrun Årflot seier at desse punkta frå mandatet har vore grunnlaget for valet av kandidatar.
I dokumentet «Heilskapleg grunngjeving» kan du lese meir om bakgrunnen for at nominasjonskomiteen legg fram akkurat dette listeforslaget.
Stortingslista til Møre og Romsdal SV vil bli endeleg vedteke på nominasjonsmøtet, på Fjellstua på Ørskogfjellet, laurdag 30. november.
LINE KARLSVIK PÅ TOPP
Line Karlsvik, 46 år, frå Kristiansund, er ein erfaren politikar. Ho har fleire periodar som kommunepolitikar og har erfaring frå bystyre, formannskap og ulike utval. Engasjementet hennar for kommunepolitikk gjer at ho har god bakgrunn for å arbeide for betra vilkår for kommunane som stortingsrepresentant. Line har stor støtte frå lokallaga våre.
Line presenterer seg og seier dette om kvifor ho vil på Stortinget for Møre og Romsdal;
«Bosatt i Kristiansund siden 2004, gift og fire barn i alderen 12-22 år. Driver eget advokatfirma i et fellesskap jeg trives godt i. Har tidligere jobbet 9 år i NAV Arbeid og ytelser.
Jeg er opptatt av gode rammevilkår for kommunene. Som kommunepolitiker kommer man tett på hverdagslivet til folk flest, og både i jobbsammenheng og som lokalpolitiker, kommer jeg tett på enkeltmennesker. Å være med på å utgjøre en forskjell, er noe av det som inspirerer mest. Jeg er opptatt av gode oppvekstvilkår for barn og unge. Samtidig er det viktig å ta vare på de eldste blant oss. Jeg vet også at det er mer enn en spennende jobb som skal til for at folk velger å flytte til et sted og å bli der. Tilgang på gode naturopplevelser, varierte kulturtilbud og tilgang til positive opplevelser for alle er viktig. Norge trenger at folk bosetter seg utenfor de største byene. Da må vi legge til rette for det. Som Kristiansundspolitiker gjennom flere perioder er jeg stolt av alt vi har klart å få til i byen, og erfaringen med langsiktig arbeid med store og viktige prosjekter, tar jeg gjerne med meg inn på Stortinget.
Mange har kjent dyrtiden på kroppen, og det å jobbe for et sterkere fellesskap er avgjørende i en tid der folk flest rammes av strammere økonomi. Det berører meg at stadig flere søker til frivilligheten for å få hjelp og støtte. Frivilligheten er viktig, men det offentlige har et hovedansvar for å ivareta de som trenger velferdsstaten vår.
Møre og Romsdal er et fylke med variert næringsliv og tradisjonsrik industri. Heldigvis er bedriftene våre ofte mer framtidsrettet enn vi politikere er. Jeg vil være med på å legge til rette for en bærekraftig omstilling for framtida. Jeg gleder meg til å drive valgkamp for partiet som både jobber for å minske forskjellene i samfunnet vårt, og for å ta vare på natur og miljø for kommende generasjoner.»
PÅ ANDREPLASS
Foreslått til andreplassen på lista finn vi Siri Vik Bakken, 34 år, frå Ålesund. Siri er nestleiar i Møre og Romsdal Handel og Kontor og arbeider som organisasjonsmedarbeidar i LO. Ho var tillitsvalt på Obs Moa i 4 år
Siri har dei siste åra arbeidd i prosjekt med å organisere tilsette i servicesektoren i Møre og Romsdal, og med å få på plass tariffavtalar for dei tilsette.
Siri Vik Bakken; «Mitt hjerte brenner naturlig nok for arbeidslivspolitikk. Alle som kan jobbe skal kunne ha en trygg og god arbeidsplass. Gjennom fagforeninga har vi de siste årene klart å jobbe frem både retten til heltid og pensjon fra første krone, noe jeg er stolt av at vi har fått til. Det er også viktig at vi fortsatt skal ha et sikkerhetsnett for de som ikke kan jobbe gjennom gode velferdsordninger.
Boligpolitikk er også viktig for meg. Husbanken må gjenreises til det gode boligsosiale tiltaket den en gang var og de som ønsker det må få mulighet til å eie egen bolig. Samtidig må rettighetene til de som leier bolig få en kraftig forbedring.»
PÅ TREDJEPLASSEN
På tredjeplassen finn vi den første ungdomskandidaten på lista; Mali Regine Hegerberg Børset, 23 år, frå Sunndal. Ho er tidlegare sentralstyremedlem i Natur og Ungdom (2022-2024) og har lang fartstid frå SU. For tida studerer ho til å bli lektor ved Universitetet i Oslo.
Ho har arbeidd mykje med natur -og gruvepolitikk, samferdsel- og oljeindustrispørsmål. Ho har vore med å stansa Wisting-feltet og organisere Fosen-aksjonane. Ho er også oppteken av berekraftig naturforvalting, og å bremse bit-for-bit nedbygginga av norsk natur, samt styrking av naturens rettsvern.
Mali har bakgrunn både frå landbruk og industri. Mali er odelsjente og oppvaksen på gard. Ho kjem frå industrikommunen Sunndal og har hatt sommarjobb på verket i mange somrar. Dette er erfaringsbakgrunn som er verdifull for lista.
Mali har eit breitt politisk engasjement. Hjartesakene hennar er i tillegg til klima- og miljø-saka; flyktningpolitikk, skulepolitikk, skatt, landbruk, kollektivtransport, og målsak.
Som ung kvinne frå ei industribygd seier Mali at ho særleg brenn for å sikre ei grøn og rettferdig omstilling, med omsyn til både miljø, arbeidarar og lokalsamfunn. 2050 nærmar seg med stormskritt, og det hastar å få på plass ei god plan for ei slik omstilling. Ei slik plan krev politisk vilje, og Mali er topp motivert for å ta i eit tak for å få dette på plass. Elles er Mali oppteken av å ta havet tilbake og jorda i bruk, å bevare den norske kulturarva, samt å sikre levande lokalsamfunn over heile landet.
FJERDEPLASSEN
Yvonne Wold, 47 år og ordførar i Rauma. Yvonne er no inne i si andre periode som ordførar i Rauma, og er ein del av SV si fylkestingsgruppe. Yvonne har sin yrkesbakgrunn frå skulesektoren, men har med lang politisk erfaring som ordførar, frå kommunestyre og fylkespolitikken solid erfaring frå dei fleste politikkområda.
Yvonne og SV gjorde eit brakval ved kommunevalet i fjor da SV fekk heile 43,6% av røystene i Rauma, og Yvonne vart gjenvalt som ordførar. Yvonne har svært stor støtte frå lokallaga, men ho meiner at det også er viktig med kontinuitet i ordførarrolla i Rauma og for SV i fylkespolitikken, og har slik fått fjerdeplassen på lista.
FEMTEPLASSEN
Anders Lindbeck er 50 år og bor i Ålesund. Han arbeider som skolefagleg rådgivar i Ålesund kommune.
Han har lang erfaring fra lokalpolitikken i Ålesund og fleire periodar bak seg i kommunestyret. Anders er særleg opptatt av miljøspørsmål, samferdsel og oppvekst. For tida sit han også i formannskapet i Ålesund. På fylkestinget er han inne i sin andre periode og sit der i samferdselsutvalget.
SJETTEPLASSEN
På plass nummer seks finn vi Adnan Alamad, 44 år, frå Sula.
Adnan har vore politisk aktiv sidan ungdomen. Først i Syria, der han kjem frå Qamishlem, eit kurdisk område nord i Syria, og no seinare i Sula. Han har vore norsk statsborgar i mange år og er aktiv i Sula SV. I heimlandet arbeidde han som koordinator for FN-prosjekt og som førstehjelpskoordinator for Raude Halvmåne. Han har vore tilsett i ulike stillingar innan oppvekst i Sula kommune, blant anna som morsmålslærar.
Adnan er svært politisk engasjert og sterkt motivert for å gjere ein innsats i valkampen. Han er særleg engasjert i demokratibygging og opptatt av at integreringspolitikken må fungere fordi innvandrarane skal vere med på å bygge nasjonen vår vidare. Av andre saker har ser som viktige er å ta godt vare på naturen, grøntområder og matjorda, vi treng fleire bønder og levande bygder. Ungdommar og flyktningar må få innpass på arbeidsmarknaden. Så må vi aldri gi opp å arbeide for fred, brorskap og internasjonal solidaritet!
HEILE LISTEFORSLAGET