Klima og natur

Å løyse klimakrisa og stanse nedbygging av natur er avgjerande for livsgrunnlaget på jorda. Rapportane frå Klimapanelet og Naturpanelet må liggje til grunn for løysingane våre. Vi må ta fylket gjennom eit rettferdig, grønt skifte og stoppe nedbygging av naturen.

For oss i SV går klima- og naturspørsmåla hand i hand. Klimatiltak og omstilling til fornybar energi skal ikkje gå utover natur og miljø. Nøkkelen til store klimakutt er å redusere og effektivisere energiforbruket, erstatte fossil energi med fornybar energi i alle delar av samfunnet, få bukt med overforbruket og binde meir karbon i naturen. Vi treng ein sirkulær økonomi.

Arealendringar er den største trugselen mot tap av naturmangfald, også i Møre og Romsdal. Verneverdig natur både til land og til havs er under press. Dei sårbare havområda utanfor mørekysten treng varig vern, og forvaltning av naturressursane må skje innanfor naturen sine tolegrenser.

Klima, energi og sirkulær økonomi

Møre og Romsdal fylkeskommune har allereie sett seg høge mål om å vere berekraftfylke nummer ein, og skal vere klimanøytralt innan 2030. Fylket skal ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk og god avfallshandtering. Dette må følgjast opp med konkret handling.

Fylkeskommunen må bidra til at det grøne skiftet skyt fart i vårt fylke. Vi vil stille strenge krav til nullutslepp, energisparing, berekraft og gjenvinning, anten det gjeld kontraktar og anbod, transport, ferjer og kollektivtilbod, vegar og infrastruktur, bygningsmasse eller drift og vedlikehald. Vi må redusere klimafotavtrykket og det materielle ressursforbruket ved å satse på sirkulære løysingar. Fylkeskommunen må gå føre og ta med seg både innbyggjarar, kommunar og næringsliv på omstillinga. Vi må også ruste oss for dei klimaendringane som allereie er her, og tilpasse oss eit villare vêr.

SV vil:

Natur og miljøvern

Å bevare naturmangfaldet og naturen si evne til å ta opp klimagassar er avgjerande for å kunne handtere klimaendringane. FNs naturpanel har sett som mål at 30 prosent av verdas natur må vernast. Vi må sikre naturmangfaldet gjennom meir vern, stoppe øydelegging av naturen og restaurere øydelagt natur. Mørebankane er vår regnskog, og korallreva langs kysten må vernast mot oljeboring. Vi treng meir kunnskap om fiskeressursane og det sårbare livet i havet før vi kan vurdere å opne for nye, havbaserte næringar.

Vi treng ein tydeleg arealpolitikk som set naturen sine tolegrenser over kortsiktig profitt. SV seier nei til vindkraft i urørt natur, og vil bremse vidare hytteutbygging, motorvegutbygging og anna inngripande og arealkrevjande verksemd i urørt natur. Vi vil sørgje for å kartleggje naturmangfaldet betre, og oppdatert kunnskap må liggje til grunn for arealbruken. Kulturlandskap, dyrka og dyrkbar jord treng også eit sterkare vern for å produsere god, trygg og kortreist mat, forankra i landskap og naturressursar.

SV vil: