Samferdsel

Fylkeskommunen har ansvar for ein stor del av vegnettet og kollektivtrafikken i fylket. Møre og Romsdal har eit stort etterslep på vedlikehaldet av vegnettet, noko som er til hinder for god og trygg transport for innbyggjarar og næringsliv, og hemmar arbeidet for å nå klimamåla våre.

Fylket vårt har mange rasfarlege strekningar, og klimaendringane vil forsterke dette. Vi vil prioritere trygge bruksvegar med gul stripe, og ta igjen det store etterslepet på vedlikehaldet av vegnettet. Både av miljøomsyn, og av transportøkonomiske omsyn, seier vi nei til nye, store motorvegprosjekt som Møreaksen og ferjefri E39.

Skal fleire reise miljøvenleg, trengst gode forbindelsar på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Vi må halde fram satsinga på nullutsleppskøyretøy og forbetre kollektivtilbodet.

Vi må leggje betre til rette for mjuke trafikantar, og byggje fleire gang- og sykkelvegar på ein måte som tek omsyn til natur og dyrkamark.

Fylkesvegane

SV er imot Møreaksen og ferjefri E39. Med avgrensa ressursar til samferdsel, er vi tydelege på at vi må prioritere trygge bruksvegar, godt kollektivtilbod og rimelege, hyppige ferjer, framfor å investere tungt i nye motorvegprosjekt. Møreaksen vil binde opp vegmidlane, føre til store naturinngrep og auke klimagassutsleppa. Vi vil heller bruke ressursane på å styrkje kollektivtilbodet, ferjetilbodet og betre kvardagsvegane for folk.

SV vil:

Kollektivtransport og ferje

SV vil gjere det lettare å reise kollektivt. Personbiltrafikken må ned, medan kollektivtilbodet med buss og hurtigbåt må styrkjast. Vi vil tilby rimelege prisar og rutetider tilpassa lokale forhold.

Møre og Romsdal er eit ferjefylke. Ferjene er å rekne som ein del av vegnettet, og eit rimeleg og hyppig ferjetilbod er avgjerande for både busetnaden og verdiskapinga i fylket.

SV vil:

Sykkel og mjuke trafikantar

Det skal vere trygt og lettvint å velje sykkel eller gonge. Det må etablerast gang- og sykkelveg der fylkesveg er skuleveg, slik at flest mogleg born og unge kan gå eller sykle til skule og fritidsaktivitetar. Skilting og framkome på gang og sykkelvegar må vere god for alle mjuke trafikantar. SV vil utgreie å ta av eksisterande vegareal til sykkelfelt der det er tenleg.

SV vil: