Kvifor stemme SV ved fylkestingsvalet?

Publisert av: Viken SV Publisert: 08. august 2015
Oppdatert: 13. august 2015
Lesetid: ca. 2 min
Det nærmar seg val. Di og mi stemme skal avgjere kven som skal styre fylket dei neste 4 åra.

 

I valkampens hete kan det vere vanskeleg å skilje partia frå kvarandre. Alle vil det beste for alle, og kappast om å fremje gode saker. Det er når den politiske kvardagen kjem at partia skil lag, og skiljelinjene kjem til syne. Sjølv har eg representert SV på fylkestinget dei siste fire åra. For at du som veljar skal vite kva du får om du gjev oss stemma di, har eg laga eit kort oversyn over noko av det SV-gruppa har kjempa for i fylkespolitikken. Nokre saker har vi fått vedteke, andre har berre fått vår eiga stemme. Synest du desse sakene er viktige, kan di stemme vere med på å gjere SV-gruppa større, og dermed auke sjansen for å få gjennom politikken.

Vi har mellom anna

– arbeidd for betre skulebygg, ein desentralisert skulestruktur og for å halde oppe flest mogleg tilbod så nær elevane som råd

– vist tillit til lærarane ved å støtte dei i streiken, og gått imot anonym retting og unødig rapportering

– som einaste parti prioritert gul midtstripe* framfor ferjefri E 39 (*dvs betre og tryggare vegar, fleire ferjer, satsing på gang- og sykkelvegar og kollektivtransport)

– gått mot djupe, undersjøiske tunnelar , for betre ferjetilbod og moderne bruer når teknologi og økonomi tillet det

– gått heilhjarta inn for bypakkane, og understreka at dei skal brukast til å gjere samferdselen meir miljøvenleg

– kjempa for at planane om lyntog til M&R skal verte meir enn ord!

– fått gjennomslag for å stille strenge krav til miljø og utslepp i ferjeanboda

– fått gjennomslag for å greie ut grøn forvaltning av fylkeskommunale fond (ut av olje og kol)

– arbeidd aktivt for viktige prosjekt som Bioforsk økologisk, Runde miljøsenter, Fjordsenteret og Grøn fjord-prosjektet i Geiranger

– fått vedtak om at 15 % av maten i storkjøken og kantiner skal vere økologisk, og å gjere M&R til pilotfylke for kortreist økologisk mat

– kjempa for eit samfunn som er universelt utforma

– fått gjennomslag for ei oppreisningsordning for born som har vore utsett for overgrep under offentleg omsorg

 

SV vil vere ei tydeleg stemme på fylkestinget for rettferd, miljø og eit varmare samfunn også dei neste fire åra! DU er velkomen med på laget!

Ingrid Opedal, fylkestingsrepresentant Møre og Romsdal SV