SV åpnet valkampen utanfor Ålesund rådhus

Publisert av: morhes Publisert: 03. august 2021
Oppdatert: 03. august 2021
Lesetid: ca. 3 min

Mandag 2. august markerte Møre og Romsdal SV opninga av valkampen utanfor Ålesund rådhus, med stand vitja av fyrstekandidaten Birgit Oline Kjerstad. Fokus var kommuneøkonomi, gratis SFO og tannhelsereform.

Frå v: Olav Hoff leder i Sula SV, 1.kandidat til stortingsvalet for M&R SV Birgit Oline Kjerstad, medlemer i Ålesund SV Neal Robinson og Vidar Halvorsen, leder i Ålesund SV Anders Lindbeck.

Kommuneøkonomien og felles velferd må styrkast.

Små eller store kommuner, – underfinansiering er eit stort problem uansett. Ålsund SV og førstekandidaten for SV i Møre og Romsdal, Birgit Oline Kjerstad, markerte starten av valgkampen framfor Ålesund Rådhus mandag 2 august. SV har funne dekning for 10 mrd. meir til kommuner og fylker i sitt alternative statsbudsjett. Det hadde gitt 80 millionar kroner meir til Ålesund kommune. Med SV sitt budsjett hadde kommunen hatt bedre handlingsrom til nødvendig omstilling. SV vil prioritere felleskapsløysingane og fordele annleis enn sitjande regjering. Det trengst ein ny raudgrøn politikk som sett, miljøet og felleskapsløysingane i sentrum. Klima, natur og forskjellskrisa må løysast samtidig.

Forskjellane skal ned

Stadig fleire born veks opp i familier med låg inntekt. 11,7% i 2019. Låg inntekt påverkar både helse, og muligheita born og unge har til å nytte ressursane sine. SV vil demme opp for denne utviklinga og reversere usosiale kutt for dei med minst som er gjennomført av høgreregjeringa.

Gratis SFO til alle born

SV vil at alle barn skal vere med på leiken, difor vil vi innføre gratis SFO for born i 1-4 klasse, og opp til 7 klasse for born med særlege behov. Det skal også arbeidast med kvaliteten på SFO tilbodet, slik at det vert ei god ordning tilpassa born sine behov for leik og utvikling.

Tannhelsereform – alle skal ha råd til eit smil.

Ikkje alle har råd til nødvendig tannbehandling. SV meiner det er på tide med ei tannhelsereform der nødvendig tannbehandling vert innlemma i folketrygda. På sikt vil vi ha eit system med ein eigenandel og maksgrense slik vi har for egenandel når vi går til lege eller får behandling i spesialisthelsetenesta. SV vil starte med dei yngste og dei eldste og gradvis ruste opp den offentlege tannhelsetenesta.

Nøkkelen er å bedre kommuneøkonomien og styrke næringspolitikken.

Eldreomsorg, sjukeheimsplassar, forebyggande sosialt arbeid og helsetenester, alt blir sett under press, og det går ut over både innbyggarane og dei tilsette. Vi må sørge for gode offentlege tenester og forutsigbare arbeidsforhold i offentleg sektor slik at det ikkje oppstår ei todelig av helsevesenet og kompetanseflukt på grunn av uforutsigbarheit og stort arbeidspress. Privatisering, bruk av bemanningsbyrå og innkjøpte tenester gir meir uforutsigbarheit og dårleg kontroll over ansettesesforhold, tenestetilbod og forvaltning. SV vil ha bort bruken av bemanningsbyrå, tilby faste heile stillinger, og innføre bemanningsnorm i helsesektoren for å legge til rette for meir stabilitet og bedre tenester i kommunene.

Retferdig grønt skifte

Dei kriseramma nybyggingsverfta i den Maritime Industrien og næringslivet elles treng ein retningsgivande næringspolitikk. SV har lagt ein plan for eit rettferdig grønt skifte som svarer på utfordringane med grøn omstilling, konkurransekraft og behov for kompetanse og arbeidsplassar i heile landet. Vi må dele på byrder og goder og ikkje selje rettane til naturressursar og land. Biologisk mangfald og natur må få eit sterkare vern. SV vil ha ein ny distriktspolitikk og landbrukspolitikk som sikrer sjølvforsyning og matsikkerheit.

SV vil ha eit samfunn for dei mange ikkje for dei få.

Ålesund SV og førstekandidat for M&R SV, Birgit Oline Kjerstad