Marit Aklestad frå Ørsta er foreslått på førsteplass av nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal SV. På dei neste plassane finn vi Yvonne Wold frå Rauma, Line Karlsvik frå Kristiansund og Anders Lindbeck frå Ålesund. SV har i dag tre representantar i fylkestinget, og ser det som realistisk å auke gruppa til minst fire ved det komande valet.
Leiar av nominasjonskomiteen, Eldar Høidal, seier at komiteen har lagt stor vekt på innspel frå lokallaga i fylket og at dei også har lagt vekt på at lista skal spegle mangfaldet og geografien i fylket vårt.
Marit Aklestad har dei siste to periodane vore gruppeleiar for SV i Ørsta kommunestyre og ho er for tida nestleiar i fylkesstyret i Møre og Romsdal SV. Ho har eit sterkt engasjement for å oppretthalde og utvikle gode tenestetilbod nær der folk bur. Lokalt har ho fronta saker som jordvern, omfordeling til dei med minst og barns oppvekstvilkår. No er ho klar for å ta Møre og Romsdal i ei grønare og meir rettferdig retning.
Yvonne Wold er ordførar i Rauma kommune, og sit i dag som SV sin gruppeleiar i fylkestinget. Wold er ein allsidig politikar med gode evner til å skape politiske resultat.
Line Karlsvik frå Kristiansund har lang fartstid i politikken, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Ho har brei erfaring frå viktige politikkområde som næring, skule og helse.
Anders Lindbeck er SV sin gruppeleiar i Ålesund kommunestyre og sit i dag på fylkestinget. Viktige saker for Anders er skule, tannhelse og samferdsel.
Nominasjonskomiteen understrekar at vi fortsatt er i ein prosess og at dette er eit første forslag. No skal partilaga våre ute i kommunane få gje sine tilbakemeldingar på forslaget. Deretter vil nominasjonskomiteen presentere eit endeleg forslag til fylkestingsliste i starten av januar 2023. Deretter blir det opp til årsmøtet i Møre og Romsdal SV, som foregår i februar neste år, å vedta korleis vallista til slutt blir.
Nominasjonskomiteens første og foreløpige innstilling på dei 10 øvste plassane til Møre og Romsdal SV sin fylkestingsliste:
Ved spørsmål om framlegget til fylkestingsliste eller nominasjonsprosessen, ta kontakt med leiar for nominasjonskomiteen, Eldar Høidal på telefon 90018419 eller e-post eldar.hoidal@online.no