SV si liste til fylkestingsvalet er klar!

Publisert av: kari.gagnat Publisert: 15. februar 2023
Oppdatert: 15. februar 2023
Lesetid: ca. 2 min
Dei fem første på fylkestingslista, frå venstre Håvard Brændeland, Yvonne Wold, Marit Aklestad, Anders Lindbeck og Line Karlsvik

Marit Aklestad (40) frå Ørsta er partiets førstekandidat.  Aklestad har dei siste to periodane vore gruppeleiar for SV i Ørsta kommunestyre. Ho har eit sterkt engasjement for å oppretthalde og utvikle gode tenestetilbod nær der folk bur. Lokalt har ho fronta saker som jordvern, omfordeling til dei med minst og barns oppvekstvilkår.

På andreplass har partiet Yvonne Wold (46), godt kjent som ordførar i Rauma kommune. Wold sit i dag som SV sin gruppeleiar i fylkestinget. Wold er ein allsidig politikar med gode evner til å skape politiske resultat.

På dei neste plassane finn vi Anders Lindbeck (50) frå Ålesund, Line Karlsvik (45) frå Kristiansund og ungdomskandidaten Håvard Brændeland (18), også han frå Kristiansund. Vidaregåande opplæring er eit av dei store ansvarsområde for fylkeskommunen, og SV syns det er viktig at dei som no har dagleg i kontakt med skolesektoren, også er representert i fylkeskommunen sine styrande organ 

SV har med dette vedteke ei fylkestingsliste som speglar mangfaldet blant folk i fylket vårt og der alle delar av fylket er representert blant dei fremste på lista. SV er klar for å ta Møre og Romsdal i ei grønare og meir rettferdig retning og for å vere med på å fylle «bærekraftsfylket» med konkret innhald.

Dette er dei 10 første på SV si liste til haustens fylkestingsval:

 NamnFødselsårKommune
1Marit Aklestad1983Ørsta
2Yvonne Wold1977Rauma
3Anders Lindbeck1973Ålesund
4Line Karlsvik1978Kristiansund
5Håvard Brændeland2005Kristiansund
6Kim Thoresen1984Molde
7Borghild Moe1955Kristiansund
8Anna Klara Måseide1978Hareid
9Manuel Navarro1956Sykkylven
10Bjørn Jacobsen1960Molde