Fylkeskommunen spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga i fylket. Fylkeskommunen er regional planmynde, og fungerer også som bindeledd og koordinator på tvers av kommunar. I tillegg til å bistå med rettleiing, ønskjer vi ein aktiv fylkeskommune som tek initiativ til samarbeid og bidreg med sin fagkompetanse til beste for kommunane.
For å ivareta denne rolla, må fylkeskommunen vere tett på kommunane, ha god kjennskap til lokale forhold og sjå kva utfordringar kommunane står i. Vi må også bidra til å vidareutvikle utdannings- og kompetansemiljøa i heile fylket, og bruke dei inn i den grøne omstillinga som kommunane står ovanfor. Slik kan fylkeskommunen vere ein motor for ei sunn stadsutvikling til beste for både lokalsamfunn og miljø.
Distrikt og lokalsamfunn, by og tettstadutvikling
Byar og distrikt utfyller kvarandre og er gjensidig avhengige av kvarandre. Vi vil bidra til at dei får spele på lag og nå felles mål om ei god utvikling, både miljømessig og sosialt, i heile fylket. Vi vil leggje til rette for at alle skal ha tilgang på god infrastruktur og offentleg velferd, uansett kvar ein bur i fylket.
Det er store skilnader i folketalsutviklinga i ulike deler av fylket. Byar og bynære kommunar opplever folketalsvekst, medan det er nedgang i mange distriktskommunar. Også internt i kommunane er det store ulikskapar, noko det er viktig å vere bevisst når fylkeskommunen skal plassere eller etablere nye tenester og funksjonar. Ved å fordele desse godt over heile fylket, kan vi bidra til at folk kan bu og arbeide også i distrikta.
SV vil:
At fylkeskommunen skal vere ei fagleg støtte for kommunane, og bidra til auka kompetanse og samhandling på tvers av kommunar og fagmiljø
Støtte opp om innovasjons- og kunnskapsmiljøa, vidareføre skaparkraftsatsinga, og vidareutvikle utdannings- og forskingsmiljøa i heile fylket
Vidareføre satsinga «byen som regional motor» i samarbeid med Ålesund, Kristiansund og Molde
Vidareføre tettstadsutviklingsprogrammet for å vidareutvikle både store og små tettstader i fylket
At dei regionale utviklingsmidlane skal bidra til ei positiv og berekraftig utvikling av både byar og distrikt
Sjå på om det er mogleg å koordinere kommunale attraktivitets- og rekrutteringsprosjekt for å unngå at kommunane i regionen taper pengar i gjensidig kamp om innbyggarar og arbeidsplassar
Utarbeide satsingar for å få ungdom til å bli verande i, eller kome (tilbake) til fylket
Oppretthalde busetnad og tenestetilbod i distrikta
Vektleggje ei berekraftig og lokalt tilpassa tettstadsutvikling som fremjar stadsidentitet, tilhøyrsle og trivsel
Demokrati og medverknad
SV ønskjer eit sterkt representativt demokrati der det er lett og trygt for alle å delta. Folkestyret blir betre når fleire tek del i det, og når fleire erfarer at deira syn er ivareteke og representert.
Folkestyret er avhengig av tillit for å fungere. Vi vil gjere det lettare for innbyggjarar og lokalsamfunn å kunne påverke i saker, få kome med innspel, bli høyrd og teke på alvor. Slik blir avgjerder fylkeskommunen skal fatte, flytta nærare dei det gjeld. Vi vil arbeide for ein opnare og meir tilgjengeleg fylkeskommune.
SV vil:
Sikre nærleik og breidde i det representative demokratiet. Vi vil behalde talet på representantar i fylkestinget på dagens nivå
Arbeide for eit større mangfald i politiske og offentleg oppnemnde styre, råd og utval
Senke terskelen for innbyggjarar, brukargrupper og lokalsamfunn til å medverke i saker som opptek eller vedkjem dei, både på systemnivå og på individnivå
Prøve ut nye måtar å inkludere folk og lokalsamfunn i demokratiske prosessar
Oppretthalde fylkeskommunen som eige forvaltningsnivå. SV er for at fylkeskommunen får eit større ansvar på område som t.d. helse, samferdsel og miljø
Gjere politikken meir tilgjengeleg for ungdom og unge vaksne ved at fylkeskommunen blant anna nyttar sosiale medium aktivt
Oppretthalde Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne som eigne utval i fylkeskommunen
Sikre gode rammer slik at ungdomspanelet og ungdommens fylkesting får meir medverknad i fylkespolitikken og utviklinga av fylket vårt
Vere positiv til nye forsøksprosjekt med røysterett for 16-åringar
Auke openheita i fylkeskommunen gjennom å jobbe for «meiroffentlegheit» med betre innsyn og klarspråk