Eit samfunn med små forskjellar er eit godt samfunn for alle. Lik rett til utdanning er ein føresetnad for å nå dette målet. Ein sterk fellesskule gjer at elevar møtest på tvers av bakgrunn. Fullført vidaregåande opplæring er eit viktig grunnlag for deltaking i samfunnet og arbeidslivet. Alle elevar må ha same moglegheiter til utdanning og læring, uavhengig av bustad, bakgrunn eller funksjonsevne.
Arbeidet med å få fleire til å fullføre krev langsiktig og målretta arbeid og heng særleg saman med tett oppfølging av kvar elev gjennom heile utdanningsløpet. Lærarane treng meir tid og meir tillit. SV vil redusere unødig testing og rapportering, og la lærarane bruke tida til undervisning. Vi vil også sikre god etter- og vidareutdanning. Vi vil bevare ein desentralisert skulestruktur der elevane kan bu heime lengst mogeleg, og gjere det lettare for fleire å fullføre utdanninga si.
Vidaregåande opplæring
SV vil arbeide for ein vidaregåande skule med høg kvalitet og der fleire gjennomfører. Vi vil styrkje arbeidet mot fråfall. Det er viktig med god rettleiing og oppfølging av enkeltelevar. SV vil bevare ein desentralisert struktur for skulane.
SV vil:
Ha ein desentralisert skule- og tilbodsstruktur slik at flest mogeleg kan gå på vidaregåande skule utan å måtte flytte heimanfrå
Utgreie nærskuleprinsippet for opptak til vidaregåande, og innføre ei opptaksordning som i større grad tek omsyn til elevane sine ønskje, interesser og behov
Arbeide systematisk for at alle elevar er ein del av eit inkluderande læringsfellesskap
Auke gjennomføringa gjennom tidleg innsats, god rettleiing og tett oppfølging, samt tiltak for å auke lærartettleiken
Sjå til at fylkeskommunen oppfyller elevane sine lovfesta rettar til timetal i faga, og at det blir sett inn vikar ved fråvær
Sikre alle elevar rett til aktiv deltaking og medverknad i opplæring med vurderingspraksis. Øving i demokratisk medborgarskap kan til dømes fremjast gjennom elevmedverknad i undervisning, deltaking i Utdanningsutval, Ungdomspanel og Ungdommens fylkesting.
Arbeide aktivt for integrering av ungdom med minoritetsbakgrunn
At vaksenrett til vidaregåande opplæring blir fullt ut gjeldande ved dimensjonering av tilboda ved vidaregåande skular
Sørge for at kapasiteten i dei vidaregåande skulane er tilpassa flyktningsituasjonen
Legge til rette for at fleire yrkesgrupper kjem inn i vidaregåande skular, som miljøterapeutar og barne – og ungdomsarbeidarar
Gå imot nye søknader om privatskular. Desse trugar ikkje berre små skular i distriktet, men undergrev også dei mindre og dyre opplæringstilboda generelt
Styrkje skulehelsetenesta, rådgjevingstenesta og PP-tenesta for å hjelpe elevar med ekstra behov
Arbeide for gode elevkantiner med sunn mat ved alle dei vidaregåande skulane, og å redusere matsvinnet i kantinene
Sikre fagkunnskap og nok ressursar til oppfølgingstenesta og elevtenestene ved skulane slik at ein kan arbeide systematisk mot ufrivillig skulefråver, fråfall og utanforskap. Sikre rett til opplæring for elevar med ufrivillig skulefråver
Vere ein pådrivar i kampen mot mobbing og jobbe for å auke den nasjonale oppslutninga i anti-mobbekampanjer. Auke ressursane til mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i fylket
Sikre unge på hybel gode butilhøve gjennom å opprette ei hjelpe- og oppfølgingsordning for bortebuande elevar, og utgreie ordningar der fylkeskommunen leiger elevbustader ved behov
Prioritere ein tilbodsstruktur på vidaregåande linjer som støttar opp om lokalt næringsliv
Tilby fleksible løp der det er lettare å veksle mellom teori og praksis gjennom heile opplæringa, og støtte arbeid med å utvikle meir varierte læringsformer
Ha betre tilgang på gode og varierte læreplassar til rett tid
Samarbeide med lokale bedrifter om læreplassar slik at elevar slepp å flytte for å fullføre utdanninga si
Arbeide for lovfesta læreplass. Inntil retten er lovfesta, vil vi gi alle elevar som står utan læreplass rett til eit praksisbasert opplæringsløp i skulen.
Arbeide for å auke driftsrammene til dei vidaregåande skulane og fagskulane
Verne om gratisprinsippet, og sikre gratis læremiddel i vidaregåande opplæring
Halde fram med å bygge nye og ruste opp eldre skulebygg i tråd med krav om kvalitet, miljø og tilgjenge for alle
Arbeide for meiropne skulebibliotek og skulebygg, slik at øvingsrom og verkstader er tilgjengelege for elevane på kveldstid
Legge til rette for at elevar får oppfylt sin lovfesta rett til digitale læremiddel og digitale støtteprogram på nynorsk
Leggje til rette for at nynorskelevar beheld språket sitt i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande
Gjere det enklare å få fullført vidaregåande opplæring for folk som av ulike årsaker ikkje får gjort det på normert tid
Arbeide for meir midlar til oppdatert utstyr både på yrkesfag og fagskular
Fagskulane og høgare utdanning
Fagskulane er ein viktig del av skule- og studietilbodet i fylket. SV vil bevare og styrkje fagskuletilbodet. Det er avgjerande at fagskulane har nok ressursar og utstyr til å gi ei god, framtidsretta utdanning.
SV vil:
Satse på fagskuleutdanninga ved å styrke finansieringa og auke talet på studieplassar ved fagskulane
Støtte opp om og halde fram satsinga på Campus Kristiansund
Støtte arbeidet med høgare utdanning i fylket
Vidareføre samarbeid med kulturutdanningane og drift av Seanse ved Høgskulen i Volda slik at dei kan spele ei enda meir aktiv rolle for kulturlivet i heile fylket
Styrkje dei viktige kunnskaps- og forskingsinstitusjonane vi har i fylket innanfor miljø, hav- og landbruk, som Runde Miljøsenter, NORSØK og NIBIO Tingvoll