Arbeidsliv og inkludering
Eit organisert arbeidsliv med sterke fagforeiningar, faglege rettar og tariffavtalar er avgjerande for å utjamne maktforholda i arbeidslivet. SV vil arbeide for eit seriøst og godt organisert arbeidsliv der fylkeskommunen i størst grad driv tenester i eigenregi. Vi vil gi tilsette tid og tillit til å bruke sitt faglege skjøn og kompetanse i oppgåvene dei er sett til.
SV vil byggje eit samfunn for alle, og ser på mangfald som noko som gjer oss rikare. Sterke velferdsordningar, eit inkluderande arbeidsliv og eit demokratisk oppbygd samfunn gir enkeltmennesket moglegheiter og rettar til å leve frie liv.
Fylkeskommunen som arbeidsgjevar
Den norske modellen, med godt samarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane, må liggje til grunn for fylkeskommunen sin arbeidslivspolitikk. Vi vil styrkje partssamarbeidet. Vi vil unngå privatisering og konkurranseutsetjing, og i størst mogleg grad drive tenestene i eigenregi. Vi vil halde oppe trykket for eit seriøst arbeidsliv, og stille strenge krav til kvalitet og miljø ved innkjøp og anbod.
Like viktig som å rekruttere kompetanse, er det å behalde dei vi har. Dei tilsette har verdifulle erfaringar og kunnskapar som vi må byggje vidare på. Heile, faste stillingar skal vere regelen, og dei tilsette skal ha tid og tillit til å utføre arbeidet i tråd med faget sitt. Vi ynskjer ikkje detaljstyring og snever mål- og resultatstyring.
Vi vil at folk skal kunne bu og arbeide i heile fylket, og unngå sentralisering. Vi vil spreie dei fylkeskommunale arbeidsplassane slik at ein også skal kunne bu i distrikta, og leggje til rette for heimekontor og desentraliserte kontorfellesskap.
SV vil:
- Ha som prinsipp at flest mogleg tilbod og tenester blir drivne i eigenregi, også reinhald, kantinedrift, vaktmeistertenester m.m.
- Byggje opp eigen fagkompetanse der det er mogleg, framfor å leige inn konsulentar og eksterne
- Sørge for at vi har den til ein kvar tid beste modellen for eit seriøst arbeidsliv. Vi vil stille strenge krav til innkjøp og anbod også ovanfor underleverandørar, og heile tida jobbe aktivt for å hindre arbeidslivskriminalitet
- At fylkeskommunen skal halde fram med å ha ein koordinator for seriøst arbeidsliv i alle store kontraktar og sørge for at prosedyrar for eit seriøst arbeidsliv blir følgd
- Stille strenge krav til kvalitet og miljø, og vekte det høgare enn i dag, ved innkjøp og anbod
- Utforme innkjøpsreglement slik at også lokale leverandørar i stor grad kan bli nytta
- At fylkeskommunen skal som mål å ta inn fleire lærlingar enn i dag, og opprette fleire internship-moglegheiter for studentar og nyutdanna
- Gi fagfolk tid og tillit, og arbeide for at tillitsreforma i offentleg sektor blir rulla ut, slik at tilsette får større handlingsrom til å utføre arbeidet sitt på ein fagleg, god måte
- Satse på heiltidskultur. Vi vil ha heile, faste stillingar som grunnprinsipp for tilsettingar og sikre ei god grunnbemanning
- Unngå bruk av bemanningsbyrå og innleige. Vi vil opprette interne vikarordningar der det er mogleg
- Sikre at dei fylkeskommunale arbeidsplassane blir fordelte slik i fylket at vi unngår sentralisering og fråflytting frå distrikta
- Leggje til rette for å kunne arbeide via heimekontor eller via desentraliserte arbeidslokale der det er tenleg
- Styrkje trepartssamarbeidet i fylket, jobbe for nasjonale kollektive lønsforhandlingar, og bidra til at tilsette og tillitsvalde kjem tidleg inn i prosessar som vedkjem deira løns- og arbeidsvilkår
- Gi tilsette gode høve til læring og kompetanseheving gjennom heile arbeidslivet
- At fylkeskommunen skal ha eit godt system for å førebyggje skade og sjukdom hos eigne tilsette. Systemet for helse, miljø og tryggleik må fungere etter intensjonane, og der mellom anna avviksmeldingar vert behandla på forsvarleg vis.
- Sikre oppdatert kunnskap og stille strenge krav til innemiljøet i alle bygg
- Ha eit aktivt eigarskap i arbeids- og inkluderingsbedrifter for å vidareutvikle eit inkluderande arbeidsliv i samarbeid med bedrifter og kommunar
- Halde fram med nynorsk som administrasjonsspråk i fylkeskommunen
Mangfald, likestilling og inkludering
Fellesskapet rommar mangfald og likeverd. Likestilling og inkludering må liggje til grunn for korleis vi organiserer oss som samfunn. SV er eit feministisk parti, som vektlegg at vi må arbeide aktivt for å utjamne skeive maktforhold.
Menneske med nedsett funksjonsevne og ulike funksjonsvariasjonar, opplever framleis utanforskap i samfunnet og i arbeidslivet. Vi treng å styrkje arbeidet for universell utforming og tilrettelegging i kvardagen slik at velferdstilbod og jobbmoglegheiter blir tilgjengelege for alle, og at alle kan leve aktive og sjølvstendige liv.
Mangfaldet i samfunnet er ein styrkje. Vi må ivareta skeive sine rettar på alle plan i samfunnet, og anerkjenne det mangfaldet som finst av seksuelle orienteringar, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk. I Møre og Romsdal skal alle kunne vere seg sjølv uavhengig av kven dei er eller kven dei elskar.
Innvandrarar og flyktningar skal bli tekne godt i mot i Møre og Romsdal. Fleirkultur er ein ressurs i arbeids- og samfunnsliv. Vi i SV vil auke den fleirkulturelle forståinga og kompetansen, både i og utanfor den fylkeskommunale verksemd. Vi må arbeide målretta for å motarbeide rasisme og diskriminering i alle former.
Overgrep og vald i nære relasjonar er eit samfunnsproblem som råkar særleg kvinner og barn. Fylkeskommunen må støtte opp under det viktige arbeidet som blir gjort av tannklinikkar, NOK-senter, krisesenter, valdtektsmottak og andre for å førebyggje og følgje opp personar utsette for vald.
SV vil:
- Arbeide for at alle bygg og framkomstmiddel skal vere tilgjengelege og tilrettelagt for alle. Fylkeskommunen må ha oppdatert kompetanse og ta i bruk universell teknologi for menneske med nedsett funksjonsevne
- Forbetre TT-ordninga, transporttenesta for personar med nedsett funksjonsevne, slik at den kan inkludere fleire
- Arbeide for at det blir oppretta fleire praksisplassar for flyktningar i arbeidslivet
- Støtte kommunane i arbeidet med inkludering, arbeidspraksis og språktrening, så vel som frivillige initiativ som bidreg til at flyktningar blir inkludert i samfunnslivet
- Sikre god og tilrettelagt norskopplæring til ungdom som kjem til Noreg i 16-18 års alderen utan fullført grunnskule
- Arbeide målretta med å motarbeide diskriminering og rasisme i alle former. Ha planar for korleis dette gjennomførast med konkrete tiltak
- At fylkeskommunen arbeider for å auke delen tilsette med minoritetsbakgrunn og med fleirkulturell kompetanse
- Arbeide for god kjønnsbalanse, mangfald og breidde i politisk utnemnde råd og utval
- Sikre ein systematisk innsats for å bekjempe overgrep og vald i nære relasjonar
- Støtte det tverrfaglege arbeidet til politi, helsevesen, NOK-senter og krisesenter knytt til førebygging og oppfølging av personar utsette for vald og overgrep