Kultur
Kulturlivet er ei fri og skapande samfunnskraft. Kulturen skaper meining og bind oss saman. Å satse på kultur utløyser mykje frivillig arbeid og engasjement, og er også ein nøkkel til integrering. SV vil at alle skal kunne oppleve, delta i og skape kunst og kulturutrykk, uavhengig av bakgrunn, økonomi eller kvar ein bur i fylket. Vi vil gi kulturlivet gode økonomiske rammevilkår og gode fysiske fasilitetar med ei føreseieleg drift.
Kulturinstitusjonar må kunne nyttast av alle, uavhengig av lommebok. Bibliotek, museum, musikk, idrett og barne- og ungdomskultur må vere tilgjengeleg i heile fylket. Breidda i kulturtilbodet må sikre gode tilbod der folk bur.
Bibliotek og museum er viktige kunnskapsinstitusjonar. Dei må få utvikle seg, og kulturminne og kulturarv må takast vare på og formidlast til nye generasjonar.
Kulturliv, kulturnæring og frivilligheit
Vi ønskjer eit kulturliv med breidde og kvalitet, som er tilgjengeleg for alle. Kulturlivet blir skapt og utvikla av både profesjonelle, amatørar og det deltakande publikummet. Nettopp denne kombinasjonen av frivillige og etablerte kulturnæringsaktørar, utløyser stor meirverdi.
Vi vil ha ein aktiv fylkeskommunal kulturpolitikk som gjer det mogleg å la kulturlivet blomstre. Estetiske fag, som musikk, dans og drama og kunst, design og arkitektur, må bevarast ved dei vidaregåande skulane. Møre og Romsdal skal vere ein attraktiv stad å bu, leve og arbeide kreativt for kunstnarar og kulturarbeidarar. Fylkeskommunale midlar til næring og samfunnsutvikling må også kome aktørar i kulturnæringa til gode.
SV vil:
- Styrkje og vidareutvikle skulebiblioteka ved dei vidaregåande skulane i fylket
- Vidareutvikle ordninga med kulturrabatt til kulturarrangement for ungdom, og utvide ordninga til å gjelde fleire aktørar, og også inkludere idrett
- Styrke samarbeidet mellom dei regionale kulturaktørane i fylket, og legge til rette for utvikling av nye og eksisterande samarbeidsavtalar
- Vidareføre støtte til scenekunst, festivalar og større kulturarrangement, samt frivillig arbeid innanfor kultursektoren i heile fylket
- Vidareutvikle scenekunsten via profesjonelle aktørar som Teatret Vårt i Molde, Operaen i Kristiansund, Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken, Ungdommens kulturmønstring og andre
- Arbeide for å sikre fylkeskommunale bidrag til utvikling og drift av sentrale kulturinstitusjonar som f.eks. Normoria i Kristiansund, Plassen i Molde, Kuben i Ålesund og Aasentunet i Ørsta
- Støtte kultursamarbeid i kommunar og regionar, og styrkje den frivillige kulturen
- Ta initiativ til ein ny samarbeidsavtale med det flytande litteraturhuset Epos (tidlegare bokbåten Epos) for å kunne tilby litteratur- og kulturarrangement til barn og vaksne på mindre stader
- At kulturtilbodet skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne eller funksjonsvariasjon
- At fylkeskommunen held fram samarbeidet med kulturskulane om fordjupingstilbod til kulturskuleelevar som ønskjer det uavhengig av kvar dei bur i fylket
- Melde Møre og Romsdal Fylkeskommune inn i Norsk Kulturskoleråd
- Vidareføre og styrkje ordninga med kunstnarstipend til kunstnarar og forfattarar
- Leggje til rette for at fleire kan leve av kunsten sin, med anstendige arbeidsvilkår, og byggje nettverk av kulturaktørar for å gi fleire kulturarbeidsplassar
- Forenkle søknadsprosessen til Møremusikarordninga slik at fleire finn det tenleg å søkje
- Ha eit aktivt eigarskap i Vestnorsk Filmsenter, bidra til å styrkje den regionale filmsatsinga, og utnytte potensialet i ferdige filmproduksjonar

Museum og kulturarv
Museum og kulturminne er vår felles hukommelse. Musea i Møre og Romsdal er viktige regionale institusjonar som samlar, bevarer og fortel vår felles historie og kulturarv. Vi vil leggje til rette slik at musea kan by på mangfaldige museumsopplevingar for heile befolkninga, og ha gode rammer for forsking, forvalting og formidling.
Kulturminneforvaltninga sikrar vår felles kulturarv. Miljøvern og kulturminnevern heng ofte saman, då endra arealbruk er ein sentral faktor bak tap av kulturminne. SV vil styrkje samarbeidet mellom kommunar og fylkeskommune i arbeidet med kulturminnevern.
SV vil:
- Styrkje musea som viktige regionale aktørar for kultur, kunnskap og historie
- Vere en pådrivar for å ivareta kulturarven i fylket gjennom regionale museumssamanslutningar på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre
- Støtte opp under profesjonsfagleg arbeid i musea i fylket i samsvar med det internasjonale museumsetiske regleverket (ICOM)
- Leggje til rette for godt samarbeid mellom musea og dei vidaregåande skulane, slik at dei får dra nytte av kulturformidlinga til musea
- Gi barn og unge under 20 år gratis inngang på musea
- Ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket gjennom aktiv innsamling og formidling
- Styrkje bygningsvernet i fylket gjennom museum og kulturminneforvaltninga
- Ivareta kulturminne som ressurs i lokalsamfunna via vern gjennom bruk
- Ha ein aktiv politikk for å bevare skifertak og andre tradisjonelle bygningskjennemerke på private hus og offentlege bygningar
- Arbeide for å styrkje støtteordningane og rådgjevingstenester for restaurering av private hus med verneverdi
- Oppmode alle kommunar til å utarbeide ein kulturminneplan, slik at omsynssoner kjem inn i dei overordna kommunale arealplanane
- Auke samarbeidet mellom byantikvarar og kulturminneforvaltninga i fylket, og styrkje fylkeskommunen sin kapasitet til å rettleie kommunar i spørsmål om kulturminne