Møre og Romsdal er rikt på naturressursar, og har eit innovativt næringsliv med sterk lokal forankring. Overordna samfunnsinteresser og miljøomsyn må liggje til grunn for den regionale nærings- og industripolitikken. SV ønskjer å leggje til rette for å vidareutvikle eit variert og allsidig næringsliv med lokal eigarskap.
Det er viktig at både industri, reiseliv, kulturnæring, landbruk og fiske har optimale vilkår, noko som krev eit aktivt samspel mellom næringane, fylket og kommunane. SV vil prioritere midlar til utviklingsarbeid for både nyetablerarar og eksisterande bedrifter som er inne i omstilling.
Næringsliv og industri
Møre og Romsdal SV vil arbeide for ein aktiv og ubyråkratisk næringspolitikk som også tek omsyn til små̊ og mellomstore bedrifter. Kraftmarknaden må̊ styrast politisk, og industrien må̊ sikrast nok kraft til akseptable prisar.
Dei siste åra har fleire av hjørnesteinsbedriftene i Møre og Romsdal fått nye, dels utanlandske eigarar. Vi vil vere med å støtte tiltak som kan sikre norsk eigarskap innan industriproduksjonen. Det kan mellom anna skje ved at det offentlege stimulerer lokale gründerar og etablerte bedrifter i deira arbeid med å utvikle idear basert på̊ lokale ressursar, natur, kultur og kompetanse.
SV vil:
At innkjøp og anbodsreglementet søkjer å styrkje lokalt næringsliv. Til dømes kan store anbod delast opp for å gjere det lettare for lokale leverandørar å konkurrere
Bruke fylkeskommunen sine innkjøp til å skape etterspørsel etter grøne løysingar levert av norsk industri
At råvarene våre får ein så høg foredlingsgrad som mogleg i fylket for å auke verdiskapinga og sikre arbeidsplassar
Arbeide for å sikre stabil tilgang til kraft, og sørge for at industrien får dra nytte av lokal kraftproduksjon. Vi vil ta tilbake politisk styring av forsyningstryggleik og prissetting av krafta
Sikre føreseielege kraftprisar til prosessindustrien. Norsk prosessindustri skal vere verdsleiande på klimaløysingar
Opne nye dører for norsk industri. Norske eksportordningar skal stimulere til bruk av norsk teknologi og ferdigvareindustri, og søkje nye marknader for norsk industri
Oppretthalde gode garanti- og finansieringsordningar til norske eksportbedrifter
Jobbe for innføring av statlege garantiordningar for etablering av ny klimavennleg industri
At cruiseskip og andre båtar som blir brukt i turistsamanheng skal segle utsleppsfritt inni fylket. Mengd på cruiseanløp og storleik på skip må regulerast slik at vi unngår overturisme og greier å oppretthalde naudsynt beredskap ved krisesituasjonar
Arbeide for miljødifferensierte avgifter på skipstrafikken etter prinsippet om at forureinar skal betale, og stimulere til at kommunane stiller miljøkrav til skip ved hamneanløp
Innføre krav om nullutslepp i offentlege innkjøp og stille høgare miljøstandardar for ferjer og hurtigbåtar
Jobbe for å desentralisere Innovasjon Norge for å auke nærleiken til lokalt næringsliv
Tilby og støtte opp om møteplassar for næringslivet som fremjar regionalt samarbeid, nyskaping og innovasjon, og som byggjer opp under mål om sirkulærøkonomi, berekraft og nullutslepp
Styrkje lokal kulturutvikling og vekst i kreative næringar
Leggje til rette for kontorfellesskap for bedrifter og enkeltmannsføretak
Reiseliv
Urørt natur, velstelt kulturlandskap og reint miljø er nokre av Møre og Romsdal sine store fortrinn i reiselivssamanheng. Dette må vi arbeide aktivt for å ta vare på. Det må være ein god balanse mellom naturvern, bruk av natur og utvikling av reiselivet. Reiselivet skal ikkje vere til belasting for fastbuande og lokalsamfunn. Vi vil arbeide for eit kunnskapsbasert og økologisk forsvarleg reiseliv basert på lokal identitet, kultur og natur, med genuine opplevingar framfor masseturisme.
SV vil:
At Møre og Romsdal går føre i satsinga på berekraftig reiseliv, tufta på lokale aktørar og lokalt eigarskap. Verdiskapinga i reiselivet må kome lokalsamfunna til gode
Vere pådrivar for å gjere cruisetrafikken meir berekraftig ved å avgrense talet anløp, og gjere 2026-miljøkrava om nullutslepp for verdsarvsfjorden Geirangerfjorden gjeldande også for dei andre cruisedestinasjonane i fylket
At fylket har økoturisme med natur- og kulturopplevingar med lokal forankring som eit satsingsområde
Utgreie om det er mogleg å innføre eit turistfiskekort for sjøfiske
Utgreie moglegheita for å innføre ei miljøavgift for turistar etter modell frå Svalbard Miljøvernfond
Ikkje legge til rette for motorisert ferdsel i naturen i turistsamanheng
Verne om allemannsretten. Naturressursane tilhøyrer fellesskapet
Leggje til rette for kulturbasert reiseliv med satsing på museum, konsert- og festivalopplevingar, saman med dei etablerte attraksjonane
Landbruk og skogbruk
Dei naturbaserte næringane er viktige i fylket, både for å sikre matforsyning, oppretthalde busetnad og gode lokalsamfunn, og som ein nøkkel til det grøne skiftet.
Matjorda treng eit sterkare vern, og vi treng fleire bønder for å auke sjølvforsyninga og ivareta naturmangfald og kulturlandskap. Det må løne seg å bruke lokale ressursar som beite og utmark. No går store jordbruksareal ut av drift, og særleg bønder med små og mellomstore bruk ser ikkje lenger ei framtid i yrket. Dei låge inntektene i landbruket trugar både norsk matproduksjon og busetjing i distrikta. Denne utviklinga må vi snu.
Skogbruket er viktig i det grøne skiftet. Nye satsingar innanfor skogbruket kan gi auka innovasjon og berekraft. Skogen må forvaltast slik at vi tek vare på naturmangfaldet.
SV vil:
Styrkje jordvernet. Vi må stoppe nedbygging av matjord i fylket
Oppretthalde kravet om økonomisk jamstilling mellom bønder og andre grupper
Auke sjølvforsyningsgraden. Vi må ta utgangspunkt i dei naturgjevne føresetnadane i fylket, og vri støtteordningar frå volum og over til god agronomi på areal i drift
Ta vare på kulturlandskapet. Beitebruk og god ressursutnytting må løne seg mykje meir enn i dag
Leggje til rette for auka produksjon av grønsaker, frukt og bær
Etterspørje lokalmat og økologisk mat i fylkeskommunen sitt innkjøpsregelverk
Vidareutvikle landbruksutdanningane på Gjermundnes vidaregåande skule og stimulere til rekruttering til naturbruk, landbruk og gartnarfaga
Ha ei større satsing på utvalde kulturlandskap i landbruket
At landbruket si satsing på klimakutt, karbonbinding i jord, og utvikling av jordbyggjande og regenerative praksisar blir styrkja
Arbeide for at småbruk blir bevarte som heilårsbustader framfor å gå over til å bli feriehus
Verne 10 % av skogen innan 2030 for å sikre naturmangfald og truga natur
Vri skogbruket i meir berekraftig retning. Vi vil leggje til rette for moderne plukkhogst framfor flatehogst
Auke etterspørselen etter trevirke som byggjemateriale gjennom å satse på trebaserte bygg
Fiske og havbruk
Møre og Romsdal er eit av dei største fiskerifylka i landet. Fiske og havbruk bidreg stort til sysselsetjing og busetjing, og produserer mat som verda treng. For at verdiane i næringa skal kome kystsamfunna til gode, er det viktig å behalde lokalt eigarskap og sikre at nye konsesjonar og kvoter også er tilgjengelege for nye som vil inn i næringa.
Naturressursane tilhøyrer fellesskapet og må kome lokalsamfunna til gode. Dei fornybare fiskeressursane kan vare evig dersom dei blir forvalta rett, slik at ein unngår overbeskatning. SV vil ha ei utsleppsfri havbruks- og oppdrettsnæring, og få ned det økologiske fotavtrykket i oppdrettsnæringa. Det kan innebere lukka anlegg eller annan teknologi som sørgjer for at fisk ikkje rømmer eller at miljøgifter hamnar i havet. Landbaserte anlegg må også vurderast nøye med tanke på naturinngrep.
Mange vil bruke havet på nye måtar. SV vil ha ei føre var-haldning til nye næringar, der naturmangfald og fiske må ha forrang.
SV vil:
Utvide og styrkje kystfiskekvoten
Arbeide for å gjenopprette landbasert fiskeforedlingsindustri
Arbeide for et nasjonalt forbod mot nyetableringar og utviding av eksisterande oppdrettsanlegg i nasjonale laksefjordar
Seie nei til nye havbrukskonsesjonar til miljøproblema er løyste
Krevje at all fiskeoppdrett skal skje i lukka anlegg innan 2025, der også unytta fôr og avføring blir samla og distribuert til vidare utnytting eller foredling
Ikkje bruke urørt kystlinje til landbasert fiskeoppdrett, som til dømes ved Stavneset på Averøya
Jobbe for å innføre dyrevelferd (lus, rømming) som indikator i trafikklysordninga for oppdrettsfisk
Setje i verk tiltak for å redusere bruken av plast i fiskereiskap
Støtte opp om nye berekraftige havbruksnæringar som taredyrking og kråkebolleoppdrett
At utvikling av flytande havvind, nye former for havbruk og utnytting av mineral i havet ikkje må gå på bekostning av eksisterande artsmangfald og fiske
Bidra inn i ungdomsfiskeordninga for å styrkje rekrutteringa til næringa og gi unge ein inngang til yrket