Tannhelse og folkehelse

Tannhelse og folkehelse

Tannhelse

Mange gruar seg til å gå til tannlegen, ikkje berre i frykt for hol i tennene, men også av frykt for utgiftene. I dag gir det offentlege gratis tannbehandling til barn og til enkelte prioriterte grupper, slik som eldre, langtidssjuke og rusavhengige, men for dei fleste vaksne utgjer tannhelse eit hol i velferdsstaten som kan koste dyrt. SV har tannhelse prioritert som vårt neste, store velferdsløft. Vårt mål er at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen. Vi treng ei god offentleg og desentralisert tannhelseteneste for alle.

SV står i bresjen for ei nasjonal tannhelsereform som vi vil rulle ut gjennom det offentlege tannhelsetilbodet i fylkeskommunane. Vi vil utvide dette tilbodet til stadig fleire grupper, og gjere tannhelsa til ein del av folketrygda. Vi har allereie fått seinka kostnadane for unge opp til 25 år, og no står eldre og vaksne for tur. Skal tannhelsereforma lukkast, trengst det gode rekrutteringstiltak og auka kapasitet slik at fylkeskommunen er rusta for ei opptrapping.

SV vil:

  • Sikre det offentlege, desentraliserte tannhelsetilbodet i heile fylket og sjå til at alle som har rett til tannhelsetenester i det offentlege blir følgt opp
  • Utvide det offentlege tannhelsetilbodet og tilby gratis eller billegare tilbod til fleire grupper
  • Inkludere fleire tannhelsetenester i fylkeskommunal regi, til dømes pilotprosjekt med kjeveortopedi som del av det offentlege tilbodet
  • Bidra til god rekruttering til dei fylkeskommunale tannhelseklinikkane ved å modernisere og oppgradere utstyr og lokale
  • Arbeide for fleire fylkeskommunale heimlar og stillingar for tannlegar og tannpleiarar
  • Samarbeide med Studentsamskipnadane for å sikre at studentar får eit tannhelsetilbod i tråd med lovverket
  • Sikre eit meir variert pasientgrunnlag med fleire betalande vaksne som kan velje den offentlege tannhelsetenesta, utan at det går ut over prioriterte pasientar
  • Betre tannhelsa til dei eldre gjennom å styrkje samarbeidet mellom fylkeskommunale og kommunale tenester, og leggje til rette for oppfølging i institusjon
  • Halde ved like og styrkje kompetansen til dei tilsette ved tannklinikkane for betre å kunne avdekkje vald og overgrep

Folkehelse

God helse heng saman med levekår og ressursfordeling. SV jobbar for å redusere ulikskap i folkehelsa og i folk sine levekår gjennom å sikre gode, offentlege helsetenester og motverke fattigdom. Fylkeskommunen skal vere pådrivar for å samordne og understøtte folkehelsearbeidet i heile fylket. Eit breitt spekter av folkehelsetiltak der menneske får høve til å vere aktive, drive rekreasjon og møte andre på sosiale arenaer, verkar både helsefremjande og førebyggjande. Vi treng gode nærmiljø, tilgang på friluftsområde og parkar.

Einsemd og psykiske helseproblem er ei stor utfordring og berører alle generasjonar og livssituasjonar. Greier vi å redusere utanforskapet, betrar vi folkehelsa. Det å kunne vere aktiv i idrett eller frivillig arbeid, er med på å skape fellesskap, meistring og gode lokalmiljø. Alle er verdifulle og kan bety noko for nokon andre!

SV vil:

  • Styrkje friluftsråda og satse vidare på Stikk-ut og andre lågterskel friluftsaktivitetar i heile fylket
  • Sikre allemannsretten og bevare strandsona som tilgjengeleg friluftsområde
  • Bidra til implementering av “Leve hele livet” i fylket, og for ein trygg og aktiv alderdom
  • Stimulere til at fleire kommunar i fylket opprettar frisklivssentralar
  • Initiere skulehagesatsingar, parsellhagar og andelslandbruk i heile fylket
  • Vektleggje folkehelseperspektivet i offentleg planlegging og samfunnsutvikling
  • Støtte opp under arbeidet til frivilligsentralane i kommunane
  • Leggje til rette for at fleire kan vere aktive gjennom å gå og sykle i kvardagen
  • Støtte idrett og frivilligheit i heile fylket, og stimulere til at fleire får delta
  • Styrkje skulehelsetenesta i dei vidaregåande skulane og støtte initiativ til førebyggande tiltak, spesielt i form av tidleg innsats for barn og unge
  • Unngå digitalt utanforskap. SV vil sørgje for framleis moglegheit for å kunne betale kontant, og at folk skal nå tak i offentlege tenester og tilbod utan å vere avhengig av appar, smarttelefonar og digitale ferdigheiter

Spesialisthelsetenesta

Staten har ansvaret for spesialisthelsetenesta og sjukehusa gjennom føretaksmodellen. SV arbeider for å avvikle helseføretaksmodellen og ta sjukehusa attende til demokratisk styring. Til det skjer, må fylkeskommunen vere pådrivar for eit godt og likeverdig helsetilbod til innbyggjarane, med ei god funksjonsdeling mellom institusjonane.

SV vil:

  • Jobbe for å avvikle helseføretaksmodellen og ta sjukehusa tilbake i folkevald styring
  • Krevje forsvarlege fødetilbod og opne fødeavdelingar året rundt ved alle dei fire sjukehusa i fylket. Det må bli slutt på nedprioriteringa av føde- og barselomsorga
  • Jobbe for å bevare og utvikle dei spesialiserte rehabiliteringstilboda på Mork og Aure
  • At fylket skal få meir ressursar til å bygge ut behandlingstilbodet innanfor rus, psykiatri og spiseforstyrrelsar