Fylkestingruppa

Rapport frå SV på fylkestingssamlinga 14-15. oktober 2014

Innlegg i sak 47/14: Innkjøp
Fylkesordførar!

Innkjøp er eit viktig tema, som det ikkje kan setjast ofte nok og stort nok fokus på.  Ulike medieoppslag siste åra  (ikkje i vårt fylke heldigvis) viser at det ikkje er sjølvsagt at  det offentlege alltid er ein kunde med integritet som handlar etter regelverket. Og avvik er det altså også hjå oss. Som fylkesrådmannen skriv i sin merknad trur heller ikkje eg at dette skjer ut frå vond vilje, og eg trur han har rett i at informasjon, opplæring og gode rutiner er beste medisinen.

For sjølvsagt vil me som fylkespolitikarar ha orden i sysakene når det gjeld fylkeskommunale innkjøp, og eg vil tru også adm. er takksame for å få gode råd om vegen vidare.

Eg vil peike på nokre område som, med atterhald om at eg ikkje har finlese godt nok, ikkje er synleggjort i rapporten men som etter mitt og SV sitt syn er svært viktige. Som stor innkjøpar – 750 mill. kr. i året er mykje pengar! er fylkeskommunen ein viktig aktør også når det gjeld område som løns- og arbeidsvilkår, miljøomsyn og samfunnsansvar, t.d. når det gjeld  etiske og sosiale standardar.  Alt dette er nemnt som viktige omsyn i Lov om offentlege innkjøp.

At ein har rutiner for oppfølgjing av ILO-konvensjonen mot sosial dumping har SV fått svar på tidlegare gjennom ein interpellasjon.

I følgje heimesida skal det også takast miljøomsyn til innkjøp,  særlig mot til at M & R er Grønt fylke, og det skal finnast eit Knutepunkt Møre og Romsdal som skal ha særlig fokus på miljøkrav ved innkjøp.  Rettferdig handel er eit anna stikkord; har det t.d. vore vurdert å stille krav om kjøp av rettferdig kaffi, jus o.l.  i fylkeskommunale kantiner? Volda og Ørsta (og Ålesund og trur eg?) Er Fairtrade-kommunar; tenk om Møre og Romsdal kunne bli eit Fairtrade-fylke?

Eg kunne tenkt meg å få vite litt meir om dette, og i tilknyting til framlegget frå SP kunne eg tenkt med eit tilleggspunkt som lyder slik:

Fylkestinget ber og om å få ei kort orientering om korleis omsynet til miljø og etiske omsyn vert ivaretekne på innkjøpsområdet.

 

Sak T 48/14:
Fylkesordførar!
Som sjåføren min til Geiranger sa i bilen; dette er truleg den viktigaste saka fylkestinget behandlar denne gongen! Eg skal ikkje gjenta det me alle veit, berre sei kort at kvart einaste «fråfall» er alvorleg for den det gjeld og for samfunnet. Og som vinnaren av trafikktryggingsprisen sa, kan me «berge» ein elev gjennom vidaregåande, er det verdt arbeidet.

Takk til kontrollutvalet for godt og grundig arbeid, som me i Utdanningsutvalet tek med vidare.

Det er lite ein får sagt på 3 minutt, men eg vil peike på nokre få problemstillingar.

Det vert skrive mykje om rådgjevingstenesta, og eg trur den er svært viktig. Heldigvis fekk me berga Karrieredagane med eit nødrop. Kommunikasjonen mellom ungdomsskule og vidaregåande, og mellom dei og andre instansar i dette arbeidet, må bli betre. Likevel vil me aldri unngå feilval. Eg vert lei meg når eg høyrer om elevar som ganske raskt etter skulestart ser at dei er komne på feil hylle, ikkje får byte fordi klassane er fullstappa. Har me pint ned for mykje her?

Så har med dei som er unnskyld uttrykket «dritleie» av skulen , og ikkje orkar å tenkje på 3 nye år på skulebenken etter ungdomsskulen. Her er dei alternative løpa, som Kristin Halvorsen starta innføring av då ho var Kunnskapsminister, svært viktige. Eg brukar ofte å vise til solskinshistoria eg oppevde i valkampen, der eg møtte ein ungdom ute i ei bedrift i Ørsta som var i gang med praksisbrev-ordninga.  Saman med ein engasjert rettleiar ute i bedrifta hadde han, som for eitt år sidan ikkje kunne tenkje seg å halde fram med skulegang, no som mål å ta fagbrev. Denne ordninga må utvidast til fleire enn to skular her i fylket, og liknande ordningar må også gjerast betre kjende.

Til slutt, læreplassar. Sist veke vart Stine Kipperberg frå Ålesund Europameister i helsearbeidarfaget. I fjor sommar møtte eg henne, saman med ein representant for Fagforbundet. Då sto ho på farten til å flytte til Stavanger, fordi det var uråd å få læreplass  ved sjukehuset i Ålesund. Eg har forstått at dette ikkje berre gjeld henne; det er generelt vanskeleg å få læreplassar ved sjukehusa. Om dette skuldast profesjonskamp eller ikkje skal ikkje eg sei, men det er eit STORT tankekors at ein så stor offentleg arbeidsplass ikkje ser ansvaret sitt for utdanning av fleire helsefagarbeidarar, noko me veit det er og vert stor trong for i framtida. Eg er glad for framlegget fylkestinget vedtok på sist møte, og håpar dette vert starten på ein stordugnad der både offentleg og privat næringsliv bidreg for å skaffe læreplassar i yrkesfaga.

 

Rapport frå SV på fylkestingssamlinga i Geiranger 16.- 18. juni 2014

Her kjem ei lita oppsummering:

* I den generelle politiske debatten etter fylkesordførarens tale, tok SV opp tre hovedsaker: Redusert oljeutvinning/ fisk framfor olje; kvardagssamferdsel, kollektiv og lyntog framfor ferjefri E39; og kommunestruktur, kommuneøkonomi og kamp mot privatisering av kommunale tenester. Til slutt var eg inne på tilflytting, og avslutta med å åtvare asfaltkameratane om at asfalt er eit dårleg sjekketriks!

I ein replikk til ein Høgrerepresentant som rosa Sylvi Listhaug opp i skyene, spurde eg: trur du verkeleg at nedlegging av distriktslandbruket vil sikre mattryggleiken her i landet? Trur du det vil sikre busetjing på bygdene- eller vil du ha alle inn til byane? Trur du dette vil halde oppe kulturlandskapet med den verdi har for oss som bur her og for reiselivet? Eg trur at den landbrukspolitikken du og Sylvi Listhaug forfektar krev eit heilt nytt land med heilt andre geografiske og klimatiske føresetnader enn det landet me bur i!

Og svaret? «Eg syns det er eit nederlag at bøndene må ha betaling for å slå markene sine»!

* Busstilbodet gjennom Kvivsvegen vart vedteke nedlagt i desember. SV fekk då vedteke eit oversendingsframlegg der ein ba adm. arbeide for å få tilbodet opp att. I eit spørsmål etterlyste eg oppfølgjing av dette, og fekk til svar at administrasjonen arbeider med saka.

*I sak om Forvaltningsrevisjonsprosjekt om klima- og miljøsatsinga i fylkeskommunen, fekk SV og V vedteke eit framlegg om at ein ber administrasjonen prioritere midlane til konkrete tiltak ein veit virkar, framfor dyre konsulentrapportar som reknar om resultata til CO 2.

*I sak om strategi og rammer for arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2015- 2018, fekk SV vedteke to oversendingsframlegg innanfor utdanning. Det eine gjekk på å følgje opp utviklingsplanen for vidaregåande skular på Søre Sunnmøre med midlar til bygg (Møre-Nytt); det andre på å be administrasjonen innarbeide ein opptrappingsplan for utstyrsposten innanfor vidaregåande opplæring. Mange skular slit med gamalt, farleg og utdatert utstyr, og treng fornying for å «matche» det elevane møter ute i arbeidslivet.

*I sak om bypakkar i Møre og Romsdal sa SV m.a. i innlegget: Det er alltid kjekt å få gåver, og bypakkane er ikkje noko unntak. Men nokre gåver forpliktar meir enn andre. Bypakkane er ei slik gåve. Dei skal bidra til å nå klimamåla. Veksten i persontrafikken skal takast av kollektiv, gåing og sykling. I forhandlingar om bypakkar vil ein legge stor vekt på at lokale styresmakter bidreg til å utvikle gode kollektivtilbod, legge til rette for gåande og syklande, og NB! gjennomfører restriktive tiltak retta mot privatbilismen i byane. Det siste har eg ikkje høyrt så mykje om enno, har de? Tvert imot har eg ei kjensle av at nokon ser på bypakkane som enno ei kjelde til å få bygd enno fleire vegar!

*I investeringsprogram for fylkesvegar for 2015-2023 fekk SV inn att ei trafikkfarleg bru i Ørsta som hadde falle ut av lista. (Møre-Nytt)

*I sak om ferjesituasjonen i fylket fekk vi vedteke eit oversendingsframlegg som går på å kreve eit oppgradert ferjetilbod/ å få nattferja attende på strekninga Volda- Folkestad, som framleis skal vera riksveg til indre linje som er valt som trase for E 39 er klar.

Ingrid Opdal
Fylkestingsgruppa SV