Nei til nye straumkablar til EU

Den mørkeblå regjeringa har nyleg gitt konsesjon til bygging av to store nye straumkablar frå Noreg til EU.

Men klimaargumenta som blir bruka for å bygge fleire kablar til EU, er berre til pynt. Målet er i staden at den halvprivatiserte kraftbransjen ønsker å eksportere vesentleg meir enn kraftoverskotet vårt. Den dagen kraftbransjen kan disponere ein auka eksportkapasitet, vil bransjen ikkje nøle med å bruke den, og dersom kablane blir bygde vil vi heller ikkje få lov av EU til å hindre den frie flyten av norsk energi ut av landet.

Med fleire eksportkablar, vil bransjen eksportere så mykje kraft utover somrane og haustane at det blir «underskot» på kraft i Noreg. Dermed kan dei auke den norske prisen på kraft monaleg. Med ei mørkeblå regjering, kan kabelbygginga også bli eit ledd i arbeidet for å rasere restane av heimfallsordninga, som har sikra nasjonal kontroll med kraftressursane våre i over hundre år.

Det er industrien og vanlege folk som må betale rekninga. Først med auka nettleige, så med auka straumpris. Det regjeringa og kraftbransjen gjer, medfører at forbrukarane i åra framover skal belastast med kolossale overprisar på straum- og nettrekninga, samtidig som Noreg vil få eit like kaotisk og kostbart energisystem som dei fleste EU-land har.

Sunndal SV tar sterkt avstand frå regjeringsvedtaket om konsesjon for bygging av fleire straumkablar til EU, med dei negative konsekvensane dette får for nasjonal kontroll, norsk industri og vanlege folk her i landet. Skal norsk industri ekspandere, trengst straumen vår her. Nei til auka straumeksport – ja til SU5.

Erling Outzen
Leiar i Sunndal SV

 

På trykk i Driva, 15. oktober