SKATTESVIKT – EIT NATURFENOMEN?

Frå heile landet melder kommunar om svikt i skatteinntektene. Det betyr mindre pengar til barnehage, grunnskole og eldreomsorg, til kommunale vegar, folkehelse og lokale kulturtiltak.  Og det betyr større vanskar med å sy saman heilskapelege og gode budjett og planar for neste år og åra som kjem. Truleg betyr det også større vanskar med å få folk til å ta på seg politiske verv i styre og stell: det er mindre kjekt å vere med og ta anvar for nedskjeringar og avviklingar enn å legge til rette for utvikling og optimisme.

Mange gir inntrykk av at svikten i skatteinntekter kjem overraskande. Vi har blitt vant til store oljeinntekter, gode tider og jamn framgang. Kanskje har vi til og med godt av å bli mint om at oppgangstidene ikkje er sikre. Og i økonomihistoria har vi lært om store og små konjunkturbølger som kjem og går, med jamlege svingningar mellom oppgangstider og nedgangstider . Men samtidig har vi jo trudd at økonomar og politikarar i dag er betre i stand til å handtere desse bølgene, slik at det ikkje blir så store utslag som t.d. i depresjonsåra i mellomkrigstida. Sjølv om vi har blitt noko i tvil om dette når vi ser korleis dominerande konservative politikar har handtert dei økonomiske krisetidene i (sør-) Europa det siste tiåret.

Og eg synest framleis det er svært merkeleg at mange blir overraska over skattesvikten rundt om i norske kommunar. Er det rart at skatteinntektene sviktar, når H-/Frp-regjeringa har gitt store skattelette til dei med størst skatteevne? Pengane blir jo ikkje borte med slike vedtak, men blir verande hos dei som har mest frå før! Eller som statssekretær Dahlberg Hauge frå Frp uttrykker det om skatteoppgjeret: ”Så er dagen kommet hvor vi jubler over å få vite at vi får tilbake våre egne penger som staten urettmessig har gjort beslag på.” (Adresseavisen 20/3-2014)

Og kva vil skje i år? Kanskje som Aftenposten  viste 11/2-2014: ”3 nabolag i Asker og Bærum ville fått like mye i skattelette som innbyggerne i 141 av Norges kommuner hvis formueskatten fjernes slik Høyre og Frp ønsker.”

Budsjettframlegget som no blir lagt fram, vil fortelje oss om vi har meir svikt i skatteinntektene i vente.

Eivind Hasle, Surnadal SV
På trykk i Driva 6. oktober