SYKLE TIL SKOLEN?

Ved enkelte skolar i Trondheim har dei greidd å tredoble talet på elevar som syklar til skolen, fortel Adresseavisen 14 10 14. Det har skjedd ein sykkelrevolusjon! Og skolane melder om at dette gir god uttelling på læringsarbeidet: ”Fysisk aktivitet om morgenen er like viktig som frokost. Når barn beveger seg fremfor bare å sitte i en bil, så er de mye mer opplagt og klar for læring.”

I tillegg kjem sjølvsagt den positive effekten på miljøet, og innøving av gode livsstils-vaner.

Men ønsket om aktive ungar og sykling til skolen, må sjølvsagt kombinerast med arbeid for trygge gang- og sykkelvegar, opplæring/sykkelsertifikat og positive oppmuntring og gode førebilete. Framleis skjer det mykje unødvendig bilkøyring.

Men nasjonalt er det eit mål at 80 % av elevane skal gå eller sykle til skolen. Kva blir konkret gjort – av regjering, fylke og kommunar – for å nå dette målet ?
Kan ikkje den årlege fylkesstatistikken fortelle oss noko om korleis kommunane ligg an?

Eivind Hasle, Surnadal SV
På trykk i Romsdals Budstikke 17. oktober