Fråsegn årsmøtet 2014

Fråsegn frå årsmøtet 2014

 

Det grøne skiftet må kome no!

SV er partiet for miljø og internasjonal solidaritet, og for ein rettferdig klimapolitikk. Det hjelper lite om forskjellane minkar her i landet dersom ulikskapane i verda aukar!

Klimaendringane er her. Vi kan framleis hindre dei verste følgjene. Klimapolitikk handlar om rettferdig fordeling; mellom verdsdelar, land og generasjonar. Avhengig av kva temperaturmål ein set, kan vi berre sleppe ut ei viss mengd klimagassar. Skal klimatoppmøtet i Paris i 2015 lukkast i å vedta naudsynte tiltak, må ein få til ein avtale som alle opplever som rettferdig.

Vi må slutte å diskutere kvar og når kutta skal takast. Kvart tonn vi slepper ut, et opp ein del av «utsleppskaka» nokon andre har meir bruk for! Vi må starte no, vi må handle både ute og heime og vi må kutte så mykje som råd så fort som råd! ! Vi er eit olje- og gassavhengig samfunn, som både av økologiske og økonomiske årsaker har alt å vinne på å starte omstillinga til lågutsleppssamfunnet. I dag går 9 av 10 investerte industrikroner her i landet offshore; det kan vi ikkje halde fram med.

Vi må satse vidare på regnskogarbeid og vere pådrivarar for internasjonale klimaavtalar. Vi må halde fram med grøn omstilling av norsk industri, bli best på miljøteknologi, gjere landbruket meir miljøvenleg, effektivisere energibruken, sortere avfallet, produsere meir ny fornybar energi, bygge smartare og reise grønare. Vi veit at 65- 80 % av all oppdaga kol, olje og gass må bli liggande der den er. Difor må vi først og fremst slutte å leite etter ny olje på norsk sokkel, ikkje gje 65 nye utvinningsløyve slik regjeringa gjer, og slutte med å investere i oljeskifer og oljesand, Vi må tvert imot redusere utvinningstempoet, og vi må få oljefondet ut av fossilsatsing og inn i fornybar.

Vi må forstå at vi er ein del av problemet før vi kan bli ein del av løysinga, og Møre og Romsdal SV vil arbeide hardt for at Noreg skal spele ei hovudrolle fram mot Paris 2015!

 

Kampen for den norske modellen

I EU pågår det i våre dagar eit sosialt og politisk drama med potensielt store konsekvensar også for oss i Noreg. Kapitalkreftene og makthavarane i EU påfører vanlege folk store lidingar gjennom den raseringa av faglege rettar og velferdsordningar dei påbyr. Massearbeidsløyse og ein politikk for systematisk svekking av fagorganisasjonane er sentrale kjennemerke på EU i dag. Finanskapitalistane skal bergast, folk flest skal betale prisen. Det går i mange land føre seg ein kamp om velferd, om retten til arbeid, ein kamp mot aukande fattigdom, mot rasisme og nyfascisme.

Problema i EU påverkar også oss i Noreg, på grunn av den «dynamiske» EØS-avtalen, som i stor grad er ein avtale for import av høgrepolitikk, og slett ikkje ein vanleg handelsavtale. Vi har sett dette ikkje minst i arbeidslivet.

EØS-avtalen førte til at Stoltenberg 1-regjeringa privatiserte arbeidskontora og oppheva hundre år med statleg monopol på formidling av arbeidskraft. Det vart også lovleg med profitt på formidling. Denne politikken førte til etablering av mange bemanningsbyrå. Vikarbyrådirektivet og andre EU-direktiv undergrev det relativt anstendige og organiserte arbeidslivet vi har opparbeidd her i landet. Eit slikt anstendig arbeidsliv er eit heilt sentralt grunnlag for velferdsstaten vår, for den norske samfunnsmodellen.

SV vil ha eit aktivt samarbeid med fagrørsla, vi vil ha ein brei allianse for å forsvare den norske velferdsstaten, sikre arbeidsfolk sine interesser og fagorganisasjonane sin innverknad i samfunnet. Det inneber samtidig svært ofte å stå imot EU og EU-tilpasning via EØS. Det inneber òg at SV vil samarbeide med dei som i dag kjempar mot kapitalmakt og makthavarar i EU, for eit anna Europa.

Berre den sosialistiske venstresida kan føre desse kampane på ein konsekvent måte, i EU som i Noreg.

 

Støtt lærarane!

Kvalitet i skulen krev lærarar som har tid nok og høve til å sjå kvar elev. For at elevar skal få gode høve for læring, må timane vere godt førebudde og elevane må få gode tilbakemeldingar og vurderingar. For å sikre ein skule med høg kvalitet, arbeider lærarane derfor ei normalarbeidsveke på 43,5 timar; timar lærarane får igjen som avspasering i løpet av sommaren.

Lærarane treng tillit, ikkje mistillit og mistru slik framlegget frå Kommunenes Sentralforbund (KS) framstår. Framlegget vil ramme læraryrket som profesjon, framtida for norsk skule og dei viktigaste av alle, nemleg elevane. Lærarane reagerer på at avspasering blir flytta slik at dei mellom anna får mindre tid saman med elevane sine, og mindre tid til tilbakemeldingar, samarbeid med heimane, og for- og etterarbeid. I tillegg gjer framlegget oss uroa for rekrutteringa til læraryrket.

Møre og Romsdal SV er samd i at det er meiningslaust å utvide arbeidsåret, med at lærarane må vere til stades seks veker ekstra, medan elevane har ferie. Dette betyr i praksis mindre tid til kvar elev, noko som er stikk i strid med kva forsking seier er grunnlaget for god læring. Det er vanskeleg å forstå KS sin argumentasjon for betre kvalitet i opplæringstilbodet i framlegget deira til ny arbeidstidsordning. Korleis kan lærarane kan bli meir tilgjengeleg for elevane når elevane ikkje er der?

Når KS ivrar for at lærarane skal utføre meir av arbeidet sitt når elevane ikkje er til stades, har dei ikkje ein einaste gong på ein truverdig måte forklart korleis dette kan gjerast utan at det reduserer tida til oppgåver retta mot elevane. KS har sagt at lærarane skal kunne behalde tida til førebuing og vurdering, og at det samstundes vil bli plass til nye oppgåver innanfor årsverket. Dette er berre mogleg dersom talet på undervisningstimar i gjennomsnitt blir redusert. Noko slikt tilbod har KS ikkje framsett.

Møre og Romsdal SV vil støtte lærarane i kampen mot mistilliten frå KS!

 

Stopp lovstridig reservasjons-praksis

Siden abortloven ble demokratisk vedtatt i 1978, har kvinner hatt rett til selvbestemt abort inntil 12. svangerskaps-uke. Samtidig har helsepersonells reservasjonsrett vært ivaretatt. Denne reservasjonsretten har vært begrenset til medvirkning til selve abortinngrepet. Norsk gynekologisk forening, foreningen for både de som reserverer seg mot, og de som utfører, inngrep, er sterkt imot reservasjons-muligheten, og har kalt den en uthuling av abortloven».

Bent Høie og fylkeslegene har gått ut flere ganger, og presisert at det i dagens lovverk IKKE er anledning til å reservere seg. Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal SV mener at legers samvittighet i abortspørsmål blir tilstrekkelig godt ivaretatt med dagens lovverk.

Vi mener også at en IKKE bør fravike det som er et grunnleggende prinsipp i helsevesenet; at pasienten har forrang. Legen må sette pasientens rettigheter i helsevesenet foran sitt eget ønske om en spesiell stilling innen helsesektoren.

Vi stiller oss også svært tvilende til om det nye lovforslaget har gode nok praktiske løsninger, og mener at med det nye lovforslaget blir kvinnen pålagt en ekstra byrde når hun som ufrivillig gravid allerede befinner seg i en svært sårbar situasjon.

Det er her KVINNEN som får ansvaret for å finne riktig helsehjelp; det er kvinnen som blir pålagt å sjekke om fastlegen hennes har reservert seg, det er kvinnen som må bytte fastlege, og det er kvinnen som må komme tilbake neste dag og forklare seg til enda en lege.

En reservasjons-mulighet vil dessuten slå ut svært udemokratisk, da det er de mest sårbare gruppene, eksempelvis unge jenter og innvandrerkvinner, som kanskje trenger mest hjelp til finne frem i systemet selv. Forslaget vil medføre at loven blir praktisert ulikt i ulike kommuner, og det vil bli svært forskjellig hva slags helsetilbud kommunenes innbyggere får. Om det skal bli slik at kommunepolitikere skal få bestemme om en kvinne skal få oppfylt sin rett i henhold til norsk lov, er dette som å gå tilbake til en ny type nemndstruktur. Slik kan vi ikke ha det.